Fugl på sten. Martzstemning

Fra hf/ifikk/kun1000
Hopp til: navigasjon, søk
Nikolai Astrup, Fugl på sten. Martzstemning, mellom 1905 og 1914. Håndkolorert fargetresnitt på papir, 475 x 330 mm. Foto: Knut Øystein Nerdrum.

Nyromantikken

Nyromantikken oppsto på slutten av 1800- og varte fram til tidleg 1900-talet som ein motreaksjon på utviklinga av den realistiske og naturalistiske kunstretninga.[1] Medan romantikken var opptatt av fridom frå tankar og frå politisk agenda[2] fokuserte realismen på å gi eit meir sant, objektivt bilde av kvardagen.[3] Nyromantikken var ei forsetjing på romantikkens periode og fokuserte meir på det ideelle og romantiserte følalsar som verk kunne formidle i staden for å ha ei samfunnskritisk haldning.

Kunstnarane under nyromantikken delte ei tilknytning til landskapet og den naturlege verda. Framskritt innan den industrielle teknologien på slutten av 1800-talet førte til at mange bønder trengte mindre arbeidskraft som førte til meir urbanisering.[4] Som ein motstand begynte mange nordeuropeiske kunstnarar med landskapsmaleri som etter kvart utvikla seg til ein ny sjanger.[5] Det var viktig for mange å bevare naturen og landskapet ettersom det ga følelse av nostalgi og formidla noko av det bylivet ikkje kunne by på.
  1. Store Norske Leksikon, Nyromantikken-kunst
  2. Kleiner, Art Through the Ages, 762
  3. Kleiner, Art Through the Ages, 775
  4. Danbolt, Norsk Kunsthistorie, 218
  5. Kleiner, Art Through the Ages, 770