Gustav Vigeland

Fra hf/ifikk/kun1000
Hopp til: navigasjon, søk

Utvalgte verk

Mann og kvinne

Barndom og tidlege arbeidsår 1869 - 1894

Gustav Vigeland, fødd Adolf Gustav Thorsen, 11. april 1869 utanfor Mandals dåverande bygrenser, ein av Noregs store kunstnarar.

Far var møbelsnikker og hadde verkstad i familiens kjellar der Gustav, som guten oftast blei kalla, byrja med treskjæring. Mor gav også guten saks og papir og tilgang til bøker gav mykje glede. Å teikne etter illustrasjonar i desse skulle danne grunnlag for gode teikneevner.

Gustavs talent for teikning og treskjæring var tydelege. Morfar til guten sørga for at bygda sin beste skjærar lånte han utstyr slik at desse kunne dyrkast fram best råd. Snart blei Vigeland  sendt til Kristiania for å gå i lære hjå Torsten Fladmoe i Grubbegata. Etter ei tid blei hans oppgåver stadig meir avanserte, men då det ikkje var arbeid nok til alle handverkarane hjå bedriften blei Vigeland som ferskaste tilsette oppsagt og reiste attende til Mandal.

Faren døde etter lang tids tuberkolose og alkoholmisbruk og mor og eldste bror til Gustav held morfarens gard på Øvre Vigeland dit familien hadde flytta. Her fekk Gustav ta del i storebrorens vidareføring av deira fars møbelverkstad som treskjærar. Gustav reiste snart nok ein gang til Kristiania.

I byen var første tida vanskeleg, og ein arbeids- og huslaus Gustav Vigeland søkte seg til bilethoggar Bergslien. Skissene hans blei godt mottekne og saman med professor Lorentz Dietrichson blei det sett i stand ei privat pengestøtteordning for Vigelands utdanning til bilethoggar. Bergslien foreslo namneendring frå Thorsen til Vigeland, som Gustav hadde nytta om kvarandre ei tid.

Første utstilde verk var skulpturen Hagar og Ismael i 1889 når Vigeland var 20 år gamal. han byrja modell- og aktklasser hjå Tegneskolen og arbeidde flittig. På nyåret 1891 reiste Vigeland med økonomisk hjelp frå Dietrichson og stipend frå haandverkerlaget i Mandal på si første utanladsreise til København for å studere skulptur og lære meir, han mottok etter litt statsstipend.

Etter Københavsopphaldet blei Vigelands gruppe Forbandet utstild i Kristiania dit han returnerte i 1892 og fekk mykje merksemd og skryt.

Vigeland mottok nok ein gang stipend og reiste no til Paris etter eit kort opphald i København for å lære fransk. I Paris blei han introdusert for den franske bilethoggaren Auguste Rodin som inspirerte Vigeland, ikkje med si form men med sine tema og då særskilt framstillinga av erotikken. Rodin gav inspirasjon også til Vigelands relieff Helvede som hausta god kritikk under hans utstilling av 51 små og store verk 20. oktober til 4. november 1894.

Temaet helvete så vel som mann og kvinne skulle bli del av hans kunstnergjerning.

Referansar



Bibliografi

Wikborg, Tone. Gustav Vigeland: En biografi. Oslo: Gyldendal, 2001