Hud

Fra hf/ifikk/kun1000
Hopp til: navigasjon, søk

Inger Sitter (1929-) vert rekna som ein av Noregs fremste biletkunstnarar i etterkrigstida. Ho debuterte som kunstnar på Haustutstillingen i 1948, og går inn i ein tradisjon av norsk modernisme. Som kunstnar bevega ho seg i eit internasjonalt miljø og vart på denne måten påverka av moderniseringen og eksperimenteringa som prega den europeiske målarkunsten på denne tida. Verka hennar beveger seg i grenselandet mellom non-figurativitet og det abstraksjon. Gjenkjennelege motiv så og seie har måtta vika heilt for formale verkemiddel i verka hennar, samstundes som titlane framleis ofte spelar på ytre motiv.


Beskrivelse

Verket Hud, som vart måla i 1967 og i dag er del av Universitetet i Oslo si kunstsamling, stammar frå ein periode i Sitter si karriere kor bruken av lyse fargar sto sentralt. Ei fleirfarga hovudform strekkjer seg diagonalt over lerretet, utover biletet sine rammer. Solide, einsfarga felt i gult og kvitt omkransar denne hovudforma, som er bygd opp av nyansar av raudt, lilla, kvitt og blått. Overlappande og til dels gjennomsiktige fargar skapar her ei kjensle av rom, og dannar ein kontrast til dei solide felta. Klare linjer og skarpe kantar går i samspel med mjuke, flytande konturar. Nokre felt er måla med tydelege penselstrok, medan andre mest liknar ein akvarell.
Inger Sitter, Hud © I. Sitter / BONO 2010
Denne variasjonen av fokuserte og diffuse felt skapar rørsle i biletet; det ser nesten ut til å endra seg medan me ser på, ein dynamikk som vert understreka av den opne komposisjonen. Spelet med kontrastar ser me òg att i fargebruken: Kalde nyansar, som det kvite og det blå, er satt saman med varme raud- og gultonar. Paletten er heilt fri for mørke fargar; raudt, kvitt og gult er hovudklangane. Nokon fargar er matte, som til dømes nyansane av lilla, men hovudinntrykket er sterkt og klårt. Innslaget av oransje i øvre bildehalvdel skil seg spesielt ut, med sin neonaktige intensitet.

Interessant er høvet mellom tittel og motiv. Tittelen Hud leiar tilskodaren inn på eit tolkingsspor, eit spor han ikkje nødvendigvis ville ha kome inn på sjølv. Ordet ”hud” kan assosierast med fleire ting: Sårbart men samstundes sterkt, mjukleik, smidigheit, nærleik og intimitet - lista kan bli lang. Noko som i alle fall kan seiast er at hud er noko organisk.

Formale virkemidler

Ser ein på teknikken til Sitter, der skarpe konturar blandar seg med flytande, slik at heile biletet vert satt i rørsle, og fargebruken hennar, der eit heilt spekter av fargar er satt opp mot, glir inn i og overlappar kvarandre, kan ein sanneleg også kalla måleriet Hud organisk. Hud er eit spel med fargar, kontrastar og dynamikk. Sitter sin abstrakte målarstil opnar for assosiasjonar, samstundes som verkets tittel peikar tilskodaren i ein viss tolkingsretning. Den indre rørsla i biletet formidlar noko levande, medan dei klåre fargane utstrålar positivitet. Verket er ein god representant for modernismen i Noreg, og forsvarar såleis sin plass i kunstsamlinga til Universitetet i Oslo.


Samtid

Referanser


Bibliografi

Dæhlin, Erik. Samtaler med Inger Sitter. Gjøvik: Gjøvik Trykkeri AS, 1999

Katalog: Christianssands kunstforening, Inger Sitter malerier, 1994

Katalog: Uio Inst. for kunsthistorie og klassisk arkeologi, Inger Sitter, Stockholm, 1974

Eksterne lenker