Tor kjører med bukkene

Fra hf/ifikk/kun1000
Hopp til: navigasjon, søk

Motivbeskrivelse

Tor kjører med bukkene høyrer til ein serie på 16 store polykrome trerelieff som står i Borggarden til Oslo rådhus og er laga av bilethuggaren Dagfin Werenskiold (1892-1977). Relieffa er laga i kvistfri furu og formatet er 2,30 x 2,20 m, 30 cm tjukt og relieffdjupna er omkring 25 cm. Kvar av dei 16 verka veg nærare eit ton for seg sjølv.[1] Dei vart laga på oppdrag frå Oslo kommune, og Werenskiold byrja på dei alt i 1940, og dei stod ferdige saman med heile rådhuset i 1950.
Dagfin Werenskiold, Tor kjører med bukkene. Foto: Brigitte Stolpmann

Werenskiold fekk fyrst i oppdrag frå Rådhuskomitéen å setje i verk ti granittrelieff i Borggarden, men som fylgje av ljostilhøva høvde det betre å bruke tre som vyrke. Werenskiold overtydde Rådhuskomitéen om at relieffa laut lagast i tre og sidan malast, og slik vart det. Komitéen tinga seinare seks relieff til frå Werenskiold. Dei er no innlemma i Borggarden og og dannar eit bindeledd mellom dei malarane og bilethuggarane som har arbeidd på Rådhuset.[2]
Werenskiold har henta emnet sitt frå den norrøne gudelæra, særleg frå kvadet Trymskvida i Den eldre Edda. Tor var ein av dei viktigaste gudane i det heidne Norden. P. A. Munch fortel at Tor verjar menneskja mot naturkreftene og at han rår for ’luften og været, for regn og årsvekst’.[3] Han er i stadig kamp mot dei vonde jotnane. Han har ei vogn som vert dregen av dei to bukkane Tanngrisne og Tanngnjost.[4] Bukkane kan han slakte og ete og få livande att berre han sankar saman beina og legg dei i geitskinna. Av di han køyrer (’aker’ eller ’ek’) så ofte med desse bukkane , vert han som oftast kalla ’Ake-Tor’.[5] Når Tor ek med bukkane sin og lyftar hamaren, rullar vogna og det tordnar.
Komposisjonen syner guden Tor med ein hamar i handa medan han ek med vogna si, som vert dregen av dei alt nemnte bukkane. I bakgrunn ser me ein himmel og ein skinande sol. Midt i biletet er det store skyer som Tor ek på, ljose øverst og mørkare nederst, og under desse ein gard omringa av ein tett skog. Tor er mykje større enn garden nederst i biletet. Det er målte skuggar i relieffet, med sjølve uthugginga i trevyrke skapar kraftige liner og skuggar og såleis djubn og form.

Formale virkemidler

Relieffet er skipa til rytmisk frå eit jamvektsprinsipp, og det på eit naturleg og fritt grunnlag, utan konstruksjonar, utan bruk av det gylne snitt, og utan ismar og retningar. Ei viktig kjelde for kunstnaren må ha vore norsk folkekunst og særleg treskeringa, som hadde vore ein mogen kunstform hjå norske bygdekunstnarar, men som på Werenskiold si tid hadde vore lite nytta av dei hevdvunne kunstnarane.[6] Å velje ei scene frå den norrøne gudelæra til utsmykking av eit offentleg bygg må ha vore naturleg i Noreg både i mellomkrigstida og under krigen. Men Werenskiold skil seg frå dei som har framstilt den norrøne fortida tidlegare. Medan kunstnarane på 1800-talet skildra dei norrøne gudane som einsformige og stereotypiske nordiske menneske, store, sterke, blonde og blåaugde, og framstilte scener på eit særs dramatisk vis, har Werenskiold døyva ned si framstilling. 1800-talskunstnarane som skildra den norrøne fortida var gjerne nasjonalistar og ynskte vel å lyfte fram og herleggjere si eiga soge og sitt eige land. Werenskiold framstiller Tor som ein fredeleg kar, ein som vaktar over menneskjeheimen, der ho ligg omringa av dei veldige naturkreftane. At Tor ikkje er valdeleg, ikkje er ein ovleg krigarkar slik Werenskiold gjev han att, er det mogleg sjå i samanheng med den politiske stoda i Noreg under krigen; Werenskiold ynskte kan hende ikkje å bruke den norrøne fortida som reiskap for ein militaristisk og valdeleg ideologi som nasjonalsosialismen. Kunstnaren framstiller heller ikkje Tor som ein altfor ovmektig gud. Likså viktig i biletet er naturkreftene, som har fått ei framifrå posisjon i biletet. Menneska er heilt underordna i biletet, dei er ikkje ein gong med, anna enn at me ser ein bondegard heilt nederst; kan hende er bodskapen at menneskja er underordna større krefter enn oss sjølv og at me ikkje må vere for ovmodige, slik ein kan seie at ei viss politisk rørsle på fyrstninga av 1940-talet var.
Relieffet Tor kjører med bukken teiknar et vyrdeleg bilete av den norrøne guden Tor, og høver godt som utsmykking i eit offentleg representasjonsbygg. Relieffet er laga i ei forenkla flatestil med skarpe fargar som kan minne ein om dei dekorative arbeida til Gerhard Munthe og norsk kyrkjekunst på 1700-talet. Nokre har freista å hevde at treskjering var ei særmerkt norsk kunstgrein som ikkje hadde etterføljarar korkje på 1800-tallet eller 1900-talet før Werenskiold tok ho opp att.

Referanser

  1. Ulf Grønvold, Nils Anker, Gunnar Sørensen. Det store løftet: Rådhuset i Oslo. (Oslo: H. Aschehoug & Co,
  2. Grønvold, Det store løftet, 298, 389, 390.,
  3. Munch, P. A. Norrøne gude- og heltesagn. ( Revidert utgave ved Anne Holtsmark. Universitetsforlaget 1981), 37-39
  4. Sturlason, Snorre. Snorre: Den yngre Edda. (Omsett av Erik Eggen. Norrøne bokverk 42. Oslo: Det Norske Samlaget, 1970), 37-39. 2000), 390-393.
  5. Grønvold, Det store løftet, 391
  6. Danbolt, Norsk kunsthistorie: Bilde og skulptur fra vikingtida til i dag, 3. utg. (Oslo: Det Norske Samlaget, 2009) 302


Bibliografi

Carl Just, Rådhuset i Oslo, 2. del. Oslo: H. Aschehoug & Co, 1952.

Danbolt, Gunnar. Norsk kunsthistorie: Bilde og skulptur fra vikingtida til i dag, 3. utg.

Grønvold, Ulf, Nils Anker og Gunnar Sørensen. Det store løftet: Rådhuset i Oslo. Oslo: Aschehoug & Co. (W. Nygård), 2000.

Munch, P. A. Norrøne gude- og heltesagn. Revidert utgave ved Jørgen Haavardsholm. Oslo: Universitetsforlaget, 1996

Parmann, Øistein. Dagfin Werenskiolds trerelieffer. Oslo: Dreyers Forlag, 1967.

Snorre Sturlason. Snorre: Den yngre Edda. Omsett av Erik Eggen. Norrøne bokverk 42. Oslo: Det Norske Samlaget, 1973

Eksterne lenker