Utleggspant og legalpant. Realisasjon av panterett

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 10. nov. 2009 kl. 15:24 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: ==== Mål:<br> ==== Denne dagen skal vi sjå på reglane om utleggspant og legalpant og reglane om realisasjon av panterett. Etterpå skal du kunne gjera greie for:<br> *Skilnaden mellom …)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Denne dagen skal vi sjå på reglane om utleggspant og legalpant og reglane om realisasjon av panterett. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

  • Skilnaden mellom skifteutlegg og namsutlegg
  • Korleis namsutleggspant blir stifta
  • Kva funksjonar namsutleggspantet har i gjeldssøkinga
  • Kva formuesgode det kan takast utlegg i
  • Korleis utleggspant får rettsvern
  • Korleis legalpant (lovfastsett pant) oppstår
  • Korleis legalpant får rettsvern
  • Hovudreglane om prioritet for legalpant

Utleggspant er definert i pantel. § 5-1. Det er i første rekkje namsutlegg som interesserer her. Vi bør sjå reglane i pantelova i samanheng med reglane i tvangsl. kap. 7 om stifting av utlegg. Vi bør òg samanhalde dette med deknl. kap. 2 om kva det kan søkjast dekning i. Formuesgodet må kunne gjerast om i pengar (sjå nokre særspørsmål om pant i sameigepart i burettslagsandel, Rt. 1996.1710, som fråvik oppfatninga i Rt. 1995.1381). Reglane om rettsvern for utlegg følgjer dels eit tospora system, der det i nokre tilfelle gjev vern mot kreditorar å tinglyse i Lausøyreregisteret, medan ein må følgje reglar som svarar til avtalepant for å få vern mot godtruerverv. Sjå som døme pant i vanlege lausøyreting, pantel. § 5-6. Pass også på særregelen om utlegg i registrert motorvogn i pantel. § 5-5. Spørsmålet om samla utlegg i visse tingssamband er noko vanskeleg; sjå føresetnaden i tvangsl. § 7-15 andre ledd og merknader i Rt. 1999.2073.

Legalpant for nærare fastsette krav (eigedomsskatt, nokre kommunale avgifter og felleskostnader i seksjonssameiger) har rettsvern utan tinglysing og normalt på beste prioritet, jf. pantel. §§ 6-1 og 6-2. Regelen om seksjonssameiger er yngre enn læreboka, sml eiersl. § 25. Nye reglar om legalpanterett til fordel for konkursbu blir truleg vedtekne i 2004, jf. Ot.prp. nr. 23 (2003–2004). Elles er regelen at legalpanterett i fast eigedom følgjer vanlege reglar for tinglysing og prioritet. Regelen i tfl. 1996 § 14 første ledd er ikkje heilt lett å tolke. Legalpant for skip og fly, særleg sjøpanteretten, er praktisk viktige, jf. sjøl. §§ 51–64.