Leseeksempel panterett dag 6

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 10. nov. 2009 kl. 15:51 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: ==== Eksempel 15<br> ==== Kristin Lavransdatter dreiv blomsterbutikk og hadde gjeve banken tinglyst pant i alle uteståande krav på vederlag for varer og tenester. Etter avtalen var det K…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Eksempel 15

Kristin Lavransdatter dreiv blomsterbutikk og hadde gjeve banken tinglyst pant i alle uteståande krav på vederlag for varer og tenester. Etter avtalen var det Kristin sjølv som stod for fakturering og innkrevjing av krava,og betaling skjedde til hennar driftskonto i banken. Simon Darre, som skulle ha pengar av Kristin, tok utlegg i Kristins krav mot ein stor kunde. Kunden fekk varsel om utlegget. Banken protesterte mot at Simon skulle få betaling frå kunden. Det skulle ikkje ha vore teke utlegg i kravet i det heile, meinte banken, og i alle fall hadde utlegget prioritet attom bankens panterett.

Eksempel 16

Odin Setran fekk teke utlegg hos papirhandlar Lauris Håberg for eit krav på 60 000 kroner som var mishalde. Utlegget vart teke i "enkle pengekrav på vederlag for varer og tenester som Lauris Håberg har eller får i si næringsverksemd". Utlegget vart tinglyst i lausøyreregisteret. Noko seinare måtte Lauris låne pengar av Juvikbanken, og til trygd for lånet pantsette han alle krav på vederlag for sal av rekvisita til kommunen. Kommunen vart varsla om pantsetjinga. Da Lauris eit halvt års tid etter gjekk konkurs, hadde han eit krav mot kommunen på 50 000 for sal av rekvisita siste månaden. Odin og Juvikbanken vart ikkje samde om kven som hadde rett til dekning i dette kravet. Bustyraren meinte for sin del at ingen av dei hadde rett til kravet mot kommunen.

Eksempel 17

Byggmeister Solness tok utlegg i John Gabriel Borkmans kontorbygg, som stod på festa grunn. Bortfestaren meinte han hadde pant i bygget og festeretten med prioritet framfor Solness for skyldig festeavgift for dei tre siste åra. I festekontrakten, som vart tinglyst i 1990, stod det ikkje noko om panterett. Solness ville ikkje godta at bortfestaren hadde panterett på betre prioritet.

Eksempel 18

Victoria Japp-Jensen leigde lokale i eigedommen Gjeldsgata 7 i 2005. Leigekontrakten galdt heile første etasje (300 kvm, om lag ein fjerdedel av eigedommen) og var uoppseieleg for 10 år framover. Leigesummen var 300 000 kroner i året med indeksregulering. Leigekontrakten vart tinglyst med prioritet etter pantelån til Gebyrbanken på 6 millionar kroner (første prioritet) og dernest til Tapsbanken på 2 millionar kroner. I 2006 vart eigedommen pantsett til finansieringsselskapet Risiko for 2 millionar. Tidleg i 2007 vart det dessutan teke utlegg i eigedommen for 500 000 kroner. Etter krav frå Tapsbanken vart eigedommen sett til tvangssal hausten 2008. Pantekrava hadde da same omfang som før nemnt. Det viste seg at ein kjøpar var viljug til å gje 9 millionar kroner for eigedommen dersom han fekk flytte inn i første etasje. Fekk han ikkje det, ville han berre gje 7 millionar. Tapsbanken kravde no at eigedommen vart seld utan påhefte av leigerett, men det protesterte Victoria mot. I alle fall ville ho ha erstatta verdien av leigekontrakten.