Leseeksempel panterett dag 1

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 9. nov. 2009 kl. 16:38 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: Eksempel 1 Vilhelm Porten skulle opne nettbutikk og tok opp eit lån på to millionar kroner i Databanken. Til trygd for lånet pantsette han eigarbustaden sin, men banken ville også ha h…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Eksempel 1

Vilhelm Porten skulle opne nettbutikk og tok opp eit lån på to millionar kroner i Databanken. Til trygd for lånet pantsette han eigarbustaden sin, men banken ville også ha ha pant i småbruket til Vilhelms foreldre. I pantobligasjonen stod Vilhelm oppført som skyldnar, og som pantobjekt stod bustaden og småbruket. Foreldra samtykte i pantsetjinga som heimelshavarar til småbruket.

Med nettbutikken gjekk det heilt gale, og banken måtte drive inn lånet. Det viste seg at banken fekk 800 000 kroner ved tvangssal av bustaden og 600 000 ved tvangssal av småbruket. Banken ville så ta utlegg i ein lystbåt som tilhøyrde Vilhelm og i ei hytte som tilhøyrde foreldra, men da protesterte både Vilhelm og foreldra. Kan banken ta utlegg i lystbåten og hytta?