Leseeksempel panterett dag 2

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 9. nov. 2009 kl. 18:00 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: ==== Eksempel 3<br> ==== Dalila Dalland fekk bygt ein einebustad i tunet på gardsbruket til foreldra. Ho lånte pengar av foreldra til bygginga, men da huset var ferdig, ville ho ta opp e…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Eksempel 3

Dalila Dalland fekk bygt ein einebustad i tunet på gardsbruket til foreldra. Ho lånte pengar av foreldra til bygginga, men da huset var ferdig, ville ho ta opp eit lån i banken og betale attende pengane til foreldra. Det var meininga å pantsetje huset som trygd for lånet. Korleis måtte Dalila gå fram for å kunne pantsetje huset?

Eksempel 4

Etter at Dalila Dallands hus var oppført, men før spørsmålet om pantsetjing av huset var reist, tok Dalilas foreldre opp eit lån i finansieringsselskapet Gard & Grunn AS med pant i gardsbruket. Da finansieringsselskapet fekk høyre at Dalila ville pantsetje huset, hevda selskapet at deira panterett også omfatta huset, og at ein eventuell ny panterett måtte få prioritet etter selskapets panterett. Hadde Gard & Grunn AS rett i det?