Avtalepant i fast eigedom

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Til oversyn leseplan
Til dag 1
Leseeksempel
Spørsmål og merknader

Vi skal sjå nokre allmenne reglar om avtalepant. Deretter skal vi sjå på reglar om avtalepant i fast eigedom. Etterpå bør du kunne gjera greie for:

  • Kva vi meiner med at det gjeld eit heimelskrav for avtalepant
  • Kva som ligg i vilkåret om at retten må kunne avhendast dersom han skal kunne pantsetjast
  • Kva vi meiner med fast eigedom, avgrensa (særleg) rett i fast eigedom, ideell del av ein rett, fysisk del av fast eigedom
  • Reglane om kva pant i fast eigedom omfattar
  • Kva brukspant er
  • Korleis pant i fast eigedom får rettsvern (hovudregelen og oversyn over unntaka)

Heimelskrav for avtalepant: Først skal vi minne om at avtalepantsetjing berre kan skje dersom pantelova eller anna lov opnar for det, jf. pantel. § 1-2 andre ledd (krav om heimel).

Generelt gjeld eventuelle avgrensingar i retten til å avhende eit formuesgode tilsvarande for retten til å pantsetje formuesgodet (pantel. § 1-3 andre ledd). Det er tvilsamt om denne føresegna kan takast på ordet i alle samanhengar. Merk også at sameigepart berre kan pantsetjast dersom panteretten omfattar all rett pantsetjaren har til formuesgodet (eineeigaren kan med andre ikkje nøye seg med å pantsetje ein sameigepart) – pantel. § 1-3 tredje ledd.

Merk at det gjeld særlege restriksjonar for pantsetjing av sameigepart der sameigaren har bruksrett til bustad i eigedommen, eigarseksjonslova (eiersl.) § 2.

Fast eigedom (med vanleg tilhøyrsle): Fast eigedom kan pantsetjast, og da følgjer vanleg tilhøyrsle med i pantsetjinga.

Heimelen for å pantsetje fast eigedom finn vi i pantel. § 2-1 første ledd. Pantobjektet kan vera eigedomsretten, avgrensa (særleg) rett (som leigerett, panterett, m.m.), ideell del av eigedomsrett eller av avgrensa rett (typisk sameigepart) eller kombinasjonar (som eigarseksjonar). Fysisk del av fast eigedom kan ikkje pantsetjast utan at det ligg føre nødvendig samtykke til frådeling eller samtykke (pantel. § 2-1 andre ledd).

Kva panterett i fast eigedom omfattar: Lova har nærare føresegner om kva avtalepant i fast eigedom omfattar, jf. pantel. § 2-2. Viktigast er grunnen og hus m.m. (hus, byggverk og anlegg); i tillegg kjem vanleg tilhøyrsle og rettar som ligg til eigedommen. Pantelova viser her til avhendingslova §§ 3-4 til 3-6. Særlege spørsmål oppstår dersom andre enn eigaren har eller får hus på eigedommen. – Tilsvarande reglar har ein for pantsetjing av festerett og eigarseksjon, jf. pantel. §§2-3 og 2-4.

Brukspant: Ei særleg form for pantsetjing av fast eigedom er brukspant. Dei to variantane av brukspant er regulerte av pantel. § 2-6.

Rettsvern ved tinglysing: Pant i fast eigedom får som hovudregel rettsvern ved tinglysing av panteretten i grunnboka, pantel. § 2-5. Det er visse unntak når det gjeld pant i panterett og (kan ein seie) pant i heimelsdokument til husrom. Hovudregelen om rettsvern ved tinglysing følgjer også av tinglysingslova, sjå tingl. §§ 20 og 21. Statens kartverk har meir informasjon om tinglysing.

For sekundærpantsetjing (panterett med prioritet etter ein tidlegare panterett) er tinglysinga er tenleg ordning. For frampantsetjing (pantsetjing av panterett) er reglane noko meir kompliserte, sjå pantel. § 2-5 andre ledd og tingl. § 22 nr. 2.

Internasjonale sider: Det finst lite av internasjonale reglar om panterett i fast eigedom. Noko av samanhengen er at reglane om panterett er del av dei meir generelle reglane om rettar i fast eigedom, om konkurs og om tvangsfullføring. Det har likevel vore utgreiingar om mogleg europeisk samarbeid. Sjå eit oversyn i Hans Fredrik Marthinussen, "Eurohypotek en felles panterett for Europa?", Tidsskrift for Eiendomsrett, 2009 s. 132–147.

Det kan også vera verdt å minne om at krav som er sikra med pant i fast eigedom, er formuesgode som kan omsetjast. Er pantet lite verdt i høve til kravet, minkar også verdien på kravet. Særleg i USA vart det gjeve lån med usikker pantetrygd, til dels som lån utan personleg ansvar, og omsetninga av slike krav skal ha medverka sterkt til finanskrisa i 2008 (sjå til dømes Wikipedia under stikkord som subprime og nonrecourse debt.

Til dag 3