Avtalepant i fast eigedom

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Til dag 1
Leseeksempel

Vi skal sjå nokre allmenne reglar om avtalepant. Deretter skal vi sjå på reglar om avtalepant i fast eigedom. Etterpå bør du kunne gjera greie for:

  • Kva vi meiner med at det gjeld eit heimelskrav for avtalepant
  • Kva som ligg i vilkåret om at retten må kunne avhendast dersom han skal kunne pantsetjast
  • Kva vi meiner med fast eigedom, avgrensa (særleg) rett i fast eigedom, ideell del av ein rett, fysisk del av fast eigedom
  • Reglane om kva pant i fast eigedom omfattar
  • Kva brukspant er
  • Korleis pant i fast eigedom får rettsvern (hovudregelen og oversyn over unntaka)

Heimelskrav for avtalepant: Først skal vi merke oss at avtalepantsetjing berre kan skje dersom pantelova eller anna lov opnar for det, jf. pantel. § 1-2 andre ledd (krav om heimel).

Generelt gjeld eventuelle avgrensingar i retten til å avhende eit formuesgode tilsvarande for retten til å pantsetje formuesgodet (pantel. § 1-3 andre ledd). Det er tvilsamt om denne føresegna kan takast på ordet i alle samanhengar. Merk også at sameigepart berre kan pantsetjast dersom panteretten omfattar all rett pantsetjaren har til formuesgodet (eineeigaren kan med andre ikkje nøye seg med å pantsetje ein sameigepart) – pantel. § 1-3 tredje ledd.

Merk at det gjeld særlege restriksjonar for pantsetjing av sameigepart der sameigaren har bruksrett til bustad i eigedommen, eigarseksjonslova (eiersl.) § 2.

Fast eigedom (med vanleg tilhøyrsle): Fast eigedom kan pantsetjast åleine, og da følgjer vanleg tilhøyrsle med i pantsetjinga.

Heimelen for å pantsetje fast eigedom finn vi i pantel. § 2-1 første ledd. Pantobjektet kan vera eigedomsretten, avgrensa (særleg) rett (som leigerett, panterett, m.m.), ideell del av eigedomsrett eller av avgrensa rett (typisk sameigepart) eller kombinasjonar (som eigarseksjonar). Fysisk del av fast eigedom kan ikkje pantsetjast utan at det ligg føre nødvendig samtykke til frådeling eller samtykke (pantel. § 2-1 andre ledd).

Kva panterett i fast eigedom omfattar: Lova har nærare føresegner om kva avtalepant i fast eigedom omfattar, jf. pantel. § 2-2. Viktigast er grunnen og hus m.m. (hus, byggverk og anlegg); i tillegg kjem vanleg tilhøyrsle og rettar som ligg til eigedommen. Pantelova viser her til avhendingslova §§ 3-4 til 3-6. Særlege spørsmål oppstår dersom andre enn eigaren har eller får hus på eigedommen. – Tilsvarande reglar har ein for pantsetjing av festerett og eigarseksjon, jf. pantel. §§ 2-3 og 2-4.

Brukspant: Ei særleg form for pantsetjing av fast eigedom er brukspant. Dei to variantane av brukspant er regulerte av pantel. § 2-6.

Rettsvern ved tinglysing: Pant i fast eigedom får som hovudregel rettsvern ved tinglysing av panteretten i grunnboka, pantel. § 2-5. Det er visse unntak når det gjeld pant i panterett og (kan ein seie) pant i heimelsdokument til husrom. Hovudregelen om rettsvern ved tinglysing følgjer også av tinglysingslova, sjå tingl. §§ 20 og 21. Norsk Eiendomsinformasjon gjev informasjon om tinglysingssystemet: http://www.eiendomsinfo.no/ .

Til dag 3