Forskjell mellom versjoner av «Avtalepant i lausøyreting»

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Linje 38: Linje 38:

'''Underpantsetjing av næringslausøyre:''' Viktige unntak frå handpantregelen gjeld for store grupper av næringslausøyre. Det gjeld driftstilhøyrsle, motorvogner m.m., landbrukslausøyre, fiskereiskapar og varelager. Det er berre næringsdrivande som kan pantsetje etter desse reglane, jf. definisjonen i pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-5 § 3-5].

'''Underpantsetjing av næringslausøyre:''' Viktige unntak frå handpantregelen gjeld for store grupper av næringslausøyre. Det gjeld driftstilhøyrsle, motorvogner m.m., landbrukslausøyre, fiskereiskapar og varelager. Det er berre næringsdrivande som kan pantsetje etter desse reglane, jf. definisjonen i pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-5 § 3-5].

*''Driftstilhøyrsle.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-4 § 3-4]. Formuesgoda kan pantsetjast samla (tingssamband). Pantsetjing av driftstilhøyrsle i ei åtskild avdeling av verksemda kan  pantsetjast for seg. Driftstilhøyrsle er maskiner, innbu m.m., nokre immaterialrettar og mutingsrett etter bergverkslova (undersøkingsrett etter [http://lovdata.no/all/tl-20090619-101-004.html minerallova]). I [http://websir.lovdata.no/cgi-lex/wiftles?pid=005932&usr=fak-ws-26&ndo=000001&doc=/app/online/www/docroot/lex/avg/hrsiv/rt1992-1629-00140a.html&qry=emne1=rt-1992-1629&&ffil=res-005932.tmp&bas=hrsiv+hrstr& Rt. 1992 s. 1629] vart ei kundeliste rekna som driftstilhøyrsle.

*''Driftstilhøyrsle.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-4 § 3-4]. Formuesgoda kan pantsetjast samla (tingssamband). Pantsetjing av driftstilhøyrsle i ei åtskild avdeling av verksemda kan  pantsetjast for seg. Driftstilhøyrsle er maskiner, innbu m.m., nokre immaterialrettar og undersøkingsrett etter [http://lovdata.no/all/tl-20090619-101-004.html minerallova]. I [http://websir.lovdata.no/cgi-lex/wiftles?pid=005932&usr=fak-ws-26&ndo=000001&doc=/app/online/www/docroot/lex/avg/hrsiv/rt1992-1629-00140a.html&qry=emne1=rt-1992-1629&&ffil=res-005932.tmp&bas=hrsiv+hrstr& Rt. 1992 s. 1629] vart ei kundeliste rekna som driftstilhøyrsle.

*''Motorvogner, anleggsmaskiner og jarnbanemateriell.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-4 § 3-8]. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Tinga kan pantsetjast einskildvis eller under eitt. Det siste blir somtid kalla "flåtepant", og pantsetjinga gjeld da eit tingssamband.

*''Motorvogner, anleggsmaskiner og jarnbanemateriell.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-4 § 3-8]. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Tinga kan pantsetjast einskildvis eller under eitt. Det siste blir somtid kalla "flåtepant", og pantsetjinga gjeld da eit tingssamband.

*''Landbrukslausøyre.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-9 § 3-9].  Merk den spesielle samankoplinga mellom driftsmidlar og omsetningsmidlar. Merdar o.l. i oppdrettsanlegg er med.

*''Landbrukslausøyre.'' Heimel for pantsetjing er pantel. [http://lovdata.no/all/tl-19800208-002-004.html#3-9 § 3-9].  Merk den spesielle samankoplinga mellom driftsmidlar og omsetningsmidlar. Merdar o.l. i oppdrettsanlegg er med.

Nåværende revisjon fra 8. des. 2010 kl. 08:14

Mål:

Til oversyn leseplan
Til dag 2
Leseeksempel
Spørsmål og merknader

Denne dagen skal vi sjå på reglane om pant i lausøyreting, både vanlege lausøyreting og næringslausøyre, med unntak for reglane om salspant. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

• Kva vi meiner med lausøyreting
• Kva vi meiner med næringslausøyre
• Kva vi meiner med realregistrerbar løysøyre
• Hovudinnhaldet i handpantregelen
• Kven som blir rekna som næringsdrivande etter reglane i pantelova
• Hovudreglane om kva som er omfatta av driftstilhøyrsle
• Hovudreglane om kva som kan pantsetjast som motorvogn m.m.
• Hovudreglane kva som kan pantsetjast som varelager
• Kva vi meiner med uttrykka tingssamband ("tingsinnbegrep") og flåtepant
• Korleis pant i næringslausøyre får rettsvern
• Retten til avhende formuesgode som er pantsette som næringslausøyre

Lausøyreting: Oppbygginga av pantelova er slik at "løsøre" er nytta i tydinga lausøyreting – verdipapir og krav er ikkje omfatta.

Realregistrerbare og vanlege lausøyreting: Lausøyreting er anten realregistrerbare lausøyreting (skip, fly m.m.) eller vanlege lausøyreting. Panterett i realregistrerbare lausøyreting skal vi ikkje gå nærare inn på; som regel får panterett i slik ting rettsvern ved registrering i vedkomande realregister (om realregister, sjå pantel. § 1-1 fjerde ledd). Merk at bilar aldri er realregistrerbare (at salspant og utlegg i visse motorvogner kan tinglysast i Lausøyreregisteret endrar ikkje på det). Merk også at det avgjerande er om tingen kan registrerast i eit realregister (pass særleg på sjølova § 11).

Handpantregelen: Den formelle hovudregelen er at pant i (vanlege) lausøyreting får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. §§ 3-1 og 3-2. Det sentrale med handpantregelen er at eigaren (pantsetjaren) må gje frå seg rådveldet over tingen.

Legg merke til at Skoghøy (Panteloven s. 225, jf. 129) meiner frampant i lausøyreting alternativt kan få vern ved notifikasjon.

Regulært handpant er ikkje så vanleg lenger, men det kan tenkjast å vera ei "naudløysing" i næringsverksemd. Reglane om handpant gjeld tilsvarande for pant i verdipapir. Sjå elles om eksisterande pantelånarverksemd: http://www.lanekontoret.no.

Underpantsetjing av næringslausøyre: Viktige unntak frå handpantregelen gjeld for store grupper av næringslausøyre. Det gjeld driftstilhøyrsle, motorvogner m.m., landbrukslausøyre, fiskereiskapar og varelager. Det er berre næringsdrivande som kan pantsetje etter desse reglane, jf. definisjonen i pantel. § 3-5.

• Driftstilhøyrsle. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-4. Formuesgoda kan pantsetjast samla (tingssamband). Pantsetjing av driftstilhøyrsle i ei åtskild avdeling av verksemda kan  pantsetjast for seg. Driftstilhøyrsle er maskiner, innbu m.m., nokre immaterialrettar og undersøkingsrett etter minerallova. I Rt. 1992 s. 1629 vart ei kundeliste rekna som driftstilhøyrsle.
• Motorvogner, anleggsmaskiner og jarnbanemateriell. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-8. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Tinga kan pantsetjast einskildvis eller under eitt. Det siste blir somtid kalla "flåtepant", og pantsetjinga gjeld da eit tingssamband.
• Landbrukslausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-9.  Merk den spesielle samankoplinga mellom driftsmidlar og omsetningsmidlar. Merdar o.l. i oppdrettsanlegg er med.
• Fiskerilausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-10. Panteretten omfattar ikkje skip eller tilhøyrsle til skip.
• Varelager. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-11.  Varelagerpant gjeld alltid fleire varer under eitt (eit tingssamband), men lova opnar for at sjølvstendige delar av varelageret kan pantsetjast for seg.

Rettsvern får underpantpant i næringslausøyre ved tinglysing i Lausøyreregisteret, jf. §§ 3-6, 3-8 andre ledd, 3-9 tredje ledd, 3-10 andre ledd og 3-12. På sidene til Brønnøysundregistra kan de finne blankettar for tinglysing.

Retten til å avhende pantsett næringslausøyre: I pantel. § 3-7 er det reglar om retten til å disponere over lausøyre som er pantsett som tingssamband. Reglane er gjorde gjeldande for flåtepant i motorvogner m.m. (pantel. § 3-8 femte ledd) og for landbrukslausøyre (pantel. § 3-9 femte ledd) og fiskereiskapar (pantel. § 3-10 tredje ledd). I pantel. § 3-13 er det reglar om retten til å avhende frå varelager. Dei to føresegnene er ikkje heilt like, for varer skal normalt avhendast.

Merk at panteretten fell bort dersom avhendinga skjer i samsvar med eigarens rett. Går eigaren ut over sin rett, kan panteretten falle bort ved godtruerverv (jf. pantel. § 3-7 tredje ledd og godtrulova).

Forholdet til salspant: Salspanterett går framfor pant i driftstilhøyrsle, flåtepant i motorvogner m.m., pant i landbrukslausøyre, pant i fiskerilausøyre og varelagerpant (pantel. § 3-4 tredje ledd, jf. § 3-8 femte ledd, § 3-9 femte ledd, § 3-10 tredje ledd og § 3-11 femte ledd). Det gjeld sjølv om salspanteretten ikkje er sikra rettsvern i høve til omsetningserverv og kreditorbeslag, jf. Rt. 2000 s.1360.

Til dag 4