Avtalepant i lausøyreting

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Til oversyn leseplan
Til dag 2
Leseeksempel

Denne dagen skal vi sjå på reglane om pant i lausøyreting, både vanlege lausøyreting og næringslausøyre, med unntak for reglane om salspant. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

  • Kva vi meiner med lausøyreting
  • Kva vi meiner med næringslausøyre
  • Kva vi meiner med realregistrerbar løysøyre
  • Hovudinnhaldet i handpantregelen
  • Kven blir rekna som næringsdrivande etter reglane i pantelova
  • Hovudreglane om kva som er omfatta av driftstilhøyrsle
  • Hovudreglane om kva som kan pantsetjast som motorvogn m.m.
  • Hovudreglane kva som kan pantsetjast som varelager
  • Kva vi meiner med uttrykka tingssamband ("tingsinnbegrep") og flåtepant
  • Korleis pant i næringslausøyre får rettsvern
  • Retten til avhende formuesgode som er pantsette som næringslausøyre

Lausøyreting: Oppbygginga av pantelova er slik at "løsøre" er nytta i tydinga lausøyreting – verdipapir og krav er ikkje omfatta.

Realregistrerbare og vanlege lausøyreting: Lausøyreting er anten realregistrerbare lausøyreting (skip, fly m.m.) eller vanlege lausøyreting. Panterett i realregistrerbare lausøyreting skal vi ikkje gå nærare inn på; som regel får panterett i slik ting rettsvern ved registrering i vedkomande realregister (om realregister, sjå pantel. § 1-1 fjerde ledd). Merk at bilar aldri er realregistrerbare (at salspant og utlegg i visse motorvogner kan tinglysast i Lausøyreregisteret endrar ikkje på det). Merk også at det avgjerande er om tingen kan registrerast i eit realregister.

Handpantregelen: Den formelle hovudregelen er at pant i (vanlege) lausøyreting får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. §§ 3-1 og 3-2. Det sentrale med handpantregelen er at eigaren (pantsetjaren) må gje frå seg rådveldet over tingen.

Legg merke til at Skoghøy (Skoghøy: Panteloven s. 225, jf. 129) meiner frampant i lausøyreting alternativt kan få vern ved notifikasjon.

Underpantsetjing av næringslausøyre: Viktige unntak frå handpantregelen gjeld for store grupper av næringslausøyre. Vi har alt nemnt driftslausøyre som kan pantsetjast saman med den fast eigedommen, med tinglysing i grunnboka som rettsvernregel. Andre grupper er motorvogner m.m., landbrukslausøyre, fiskereiskapar og varelager. Det er berre næringsdrivande som kan pantsetje etter desse reglane, jf. definisjonen i pantel. § 3-5.

  • Driftstilhøyrsle. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-4. Formuesgoda kan pantsetjast samla (tingssamband). Pantsetjing av driftstilhøyrsle i ei åtskild avdeling av verksemda kan  pantsetjast for seg.
  • Motorvogner, anleggsmaskiner og jarnbanemateriell. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-8. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Tinga kan pantsetjast einskildvis eller under eitt. Det siste blir somtid kalla "flåtepant", og pantsetjinga gjeld da eit tingssamband.
  • Landbrukslausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-9. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Merk den spesielle samankoplinga mellom driftsmidlar og omsetningsmidlar. Merdar o.l. i oppdrettsanlegg er med.
  • Fiskerilausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-10. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret.
  • Varelager. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-11. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Varelagerpant gjeld alltid fleire varer under eitt (eit tingssamband), men lova opnar for at sjølvstendige delar av varelageret kan pantsetjast for seg.

Retten til å avhende pantsett næringslausøyre: I pantel. § 3-7 er det reglar om retten til å disponere over lausøyre som er pantsett som tingssamband. Reglane er gjorde gjeldande for flåtepant i motorvogner m.m. (pantel. § 3-8 femte ledd) og for landbrukslausøyre (pantel. § 3-9 femte ledd) og fiskereiskapar (pantel. § 3-10 tredje ledd). I pantel. § 3-13 er det reglar om retten til å avhende frå varelager. Dei to føresegnene er ikkje heilt like, for varer skal normalt avhendast.

Merk at panteretten fell bort dersom avhendinga skjer i samsvar med eigarens rett. Går eigaren ut over sin rett, kan panteretten falle bort ved godtruerverv (jf. pantel. § 3-7 tredje ledd og godtrulova).

Forholdet til salspant: Salspanterett går framfor pant i driftstilhøyrsle, flåtepant i motorvogner m.m., pant i landbrukslausøyre, pant i fiskerilausøyre og varelagerpant (pantel. § 3-4 tredje ledd, jf. § 3-8 femte ledd, § 3-9 femte ledd, § 3-10 tredje ledd og § 3-11 femte ledd). Det gjeld sjølv om salspanteretten ikkje er sikra rettsvern i høve til omsetningserverv og kreditorbeslag, jf. Rt. 2000 s.1360.

Til dag 4