Avtalepant i verdipapir, enkle krav m.m.

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Til oversyn leseplan
Leseeksempel
Til Dag 4
Spørsmål og merknader

Denne dagen skal vi sjå på reglane  om pant i verdipapir, enkle pengekrav m.m. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

  • Dei viktigaste kjennemerka på 1) registrerte finansielle instrument, 2) livsforsikringar, 3) verdipapir, 4) innløysingspapir 5) burettslagsandelar, 6) heimelsdokument til bustad, 7) aksjar, både registrerte og uregistrerte, 8) medlemskap i samvirkeføretak og 9) enkle pengekrav
  • Reglane om rettsvern for pant i dei nemnde formuesgoda
  • Kva krav som kan pantsetjast samla gjennom faktoringpant
  • Hovudinnhaldet i tradisjonell (eller "eigentleg") faktoring
  • Forholdet mellom pantsetjar og panthavar og forholdet til debitor cessus pant i krav
  • Kva vi meiner med avtala motrekning
  • Hovudreglane om finansiell trygdgjeving

Pant i registrerte finansielle instrument (tidlegare "fondsaktiva") får rettsvern ved registrering i verdipapirregister, jf. pantel. § 4-1 og verdipapiregisterlova kap. 7. Merk at viktige registrerte finansielle instrument er aksjar i allmennaksjeselskap og aksjar i aksjeselskap som har valt å registrere aksjane, sjå asl. § 4-4. Sjå elles verdipapirregisterlova §§ 2-1 og 2-2.

Pant i livsforsikringar får rettsvern ved registrering i det livsforsikringsregisteret som kvart livsforsikringsselskap skal føre, jf. pantel. § 4-1, forsikringsavtalelova kap. 17 og § 15-8 .

Pant i verdipapir får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. § 4-1. Skal eit dokument vera eit verdipapir, må papiret gje eksklusiv kvitteringslegitimasjon, og dessutan overføringslegitimasjon.

Pant i innløysingspapir får vern ved handpantsetjing av dokumentet og melding til skyldnaren etter dokumentet, jf. pantel. § 4-2. Innst. O. nr. 19 (1979–80) s. 21: "Med et innløsningspapir menes et dokument som må presenteres for at skyldneren skal være forpliktet til å betale."

Pant i uregistrerte aksjar får vern ved melding til aksjeselskapet, jf. pantel. § 4-2 a og asl. § 4-8.

Pant i medlemskap i samvirkeføretak får vern ved melding til føretaket, men i nokre tilfelle ved tinglysing i grunnboka, jf. pantel. § 4-2 b.Om retten til pantsetjing, sjå samvirkelova § 21.

Pant i burettslagsandel får vern ved tinglysing i grunnboka, jf. pantel.§ 4-3 a og burettslagslova kap. 6 (avtalepant i uregistrert burettslagsandel kan ikkje lenger stiftast, burettslagslova § 14-9 sjette ledd).

Pant i heimelsdokument til husrom får vern ved handpantsetjing av dokument og melding til utleigar eller selskap, jf. pantel. § 4-3.

Pant i enkle pengekrav får vern ved melding til skyldnaren, jf. pantel. §§ 4-4 og 4-5.

Sikringscesjon av enkle pengekrav følgjer reelt same reglar som pant, jf. pantel. § 4-9.

Faktoring er samla pantsetjing (eller avhending eller sikringscesjon) av alle enkle pengekrav på vederlag for varer eller tenester i ei verksemd (eventuelt avgrensa til ei avdeling), jf. pantel. § 4-10. Pantsetjinga får rettsvern ved tinglysing i Lausøyreregisteret.

Råderett over pantsett krav: Utgangspunktet er at panthavaren tek over retten til å disponere over kravet og til å ta imot betaling, pantel. § 4-6. Dette er særleg viktig for den typen "faktoringpant" som bankane opererer med – pantsetjaren har inntil vidare kontakten med kundane (debitorane etter dei pantsette krava).

Avtala motrekning: Det hender at partar gjer førehandsavtale om motrekningsrett, til dømes slik at banken skal kunne motrekne med krav etter ein låneavtale mot mot lånarens innskot på ein særleg konto i banken. Helst må det godtakast at ein slik avtale står seg mot den som tek utlegg i innskotet, også utan at vilkåra i gjeldsbrevlova § 26 er oppfylte. Banken kan i dag ikkje avtala slik motrekningsrett med forbrukar (finansavtalelova § 29), men det er gjort framlegg om at motrekning kan avtalast for ein særskild innskotskonto også for forbrukarar.

Finansiell trygdgjeving ("finansiell sikkerhetsstillelse"): Som følgje av eit EU-direktiv er det innført særlege reglar om trygd i verdipapir, bankinnskot o.l. (lov om finansiell sikkerhetsstillelse)


Til Dag 6