Avtalepant i verdipapir, enkle krav m.m.

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 10. nov. 2009 kl. 14:45 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: Mål:<br> Denne dagen skal vi sjå på reglane om salspant og om pant i verdipapir, enkle pengekrav m.m. Etterpå skal du kunne gjera greie for:<br> Dei viktigaste kjennemerka på 1) regi…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Denne dagen skal vi sjå på reglane om salspant og om pant i verdipapir, enkle pengekrav m.m. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

Dei viktigaste kjennemerka på 1) registrerte finansielle instrument, 2) livsforsikringar, 3) verdipapir, 4) innløysingspapir 5) burettslagsandelar, 6) heimelsdokument til bustad, 7) aksjar, både registrerte og uregistrerte, 8) enkle pengekrav

Reglane om rettsvern for pant i dei nemnde formuesgoda

Kva krav som kan pantsetjast samla gjennom faktoringpant

Hovudinnhaldet i tradisjonell (eller "eigentleg") faktoring

Forholdet mellom pantsetjar og panthavar og forholdet til debitor cessus pant i krav

Kva vi meiner med avtala motrekning

Pant i registrerte finansielle instrument (tidlegare "fondsaktiva") får rettsvern ved registrering i verdipapirregister, jf. pantel. § 4-1. Merk at viktige registrerte finansielle instrument er aksjar i allmennaksjeselskap og aksjar i aksjeselskap som har valt å registrere aksjane, sjå asl. § 4-4.

Finansiell trygdgjeving ("finansiell sikkerhetsstillelse"): Som følgje av eit EU-direktiv er det innført særlege reglar om trygd i verdipapir, bankinnskot o.l. (lov om finansiell sikkerhetsstillelse)

Pant i livsforsikringar får rettsvern ved registrering i det livsforsikringsregisteret som kvart livsforsikringsselskap skal føre, jf. pantel. § 4-1, forsikringsavtalelova kap. 17 og § 15-8.

Pant i verdipapir får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. § 4-1. Skal eit dokument vera eit verdipapir, må papiret gje eksklusiv kvitteringslegitimasjon, og dessutan overføringslegitimasjon.

Pant i innløysingspapir får vern ved handpantsetjing av dokumentet og melding til skyldnaren etter dokumentet, jf. pantel. § 4-2. Innst. O. nr. 19 (1979–80) s. 21: "Med et innløsningspapir menes et dokument som må presenteres for at skyldneren skal være forpliktet til å betale."

Pant i uregistrerte aksjar får vern ved melding til aksjeselskapet, jf. pantel. § 4-2a og asl. § 4-8.

Pant i burettslagsandel får vern ved tinglysing i grunnboka, jf. pantel.§ 4-3 a og burettslagslova kap. 6.

Pant i heimelsdokument til husrom får vern ved handpantsetjing av dokument og melding til utleigar eller selskap, jf. pantel. § 4-3.

Pant i enkle pengekrav får vern ved melding til skyldnaren, jf. pantel. §§ 4-4 og 4-5.

Sikringscesjon av enkle pengekrav følgjer reelt same reglar som pant, jf. pantel. § 4-9.

Faktoring er samla pantsetjing (eller avhending eller sikringscesjon) av alle enkle pengekrav på vederlag for varer eller tenester i ei verksemd (eventuelt avgrensa til ei avdeling), jf. pantel. § 4-10. Pantsetjinga får rettsvern ved tinglysing i Lausøyreregisteret.