Forskjell mellom versjoner av «Generelt om panteretten og andre trygdsrettar»

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk
Linje 3: Linje 3:
 
{| cellspacing="1" cellpadding="1" border="1" align="right" width="200"
 
{| cellspacing="1" cellpadding="1" border="1" align="right" width="200"
 
|-
 
|-
| Leseeksempel
+
| [[Leseeksempel panterett dag 1|Leseeksempel]]
 
|}
 
|}
  

Revisjonen fra 9. nov. 2009 kl. 15:37

Mål

Leseeksempel

Denne dagen skal vi presentere panteretten og nokre andre rettar som kan sikre krav (trygdsrettar). Etterpå bør du kunne gjera greie for:

  • Kva det inneber at panteretten er ein særleg dekningsrett
  • Uttrykka realkreditt og personalkreditt
  • Kva det inenber at panteretten har rettsvern mot andre rettar i fomuesgodet
  • Uttrykka pantekrav og personleg krav
  • Dei viktigaste rettane utanom panteretten som kan sikre krav
  • Inndelinga i avtalepant, utleggspant og legalpant
  • Uttrykka rettsregister og realregister
  • Oppbygginga av eit pantedokument

Panteretten er definert i pantel. § 1-1, der det heiter at ein panterett er "en særrett til å søke dekning for et krav (pantekravet) i ett eller flere bestemte formuesgoder (pantet)". Dekningsrett inneber at formuesgodet kan gjerast om i pengar (ved sal, utleige, bruk), og at pengane blir brukte til å dekkje det kravet som er sikra.

Realkreditt og personalkreditt: Retten er ein særrett til å søkje dekning fordi han går framfor den allmenne dekningsretten som kreditorane har etter deknl. § 2-2. Føresetnaden er at retten har vern (rettsvern, kreditorvern) i høve til dei andre kreditorane. Panthavaren blir ofte kalla realkreditor fordi han har dekningsrett i bestemte formuesgode (frå latin res, ting, sak, eigedom). Dei som har eit "personleg" krav mot debitor og berre kan halde seg til den allmenne dekningsretten, blir kalla personalkreditorar.

Rett i bestemte formuesgode: Panteretten er ein rett i bestemte formuesgode ("tingleg" rett, rådvaldsrett), i motsetnad til eit krav på ei yting (kravsrett, "fordringsrett"). Vi skal kort presentere hovudreglane om tilhøvet mellom fleire rettar i same formuesgodet (rettsvern og prioritet).

Pantekravet: Panteretten sikrar eitt eller fleire pengekrav. Panteretten kan brukast til å sikre krav på anna enn pengar, men når ein kjem til dekninga, må kravet alltid gjerast om til pengar.

Eit pantesikra krav kan gje dekningsrett berre i bestemte formuesgode, men det kan også i tillegg gje allmenn dekningsrett. Det tyder at kreditor kan søkje dekning også i andre formuesgode om han vil. Det er viktig å merke seg at ein og same panterett kan sikre skiftande og varierande krav (nye krav kan sikrast under panteretten, krava kan variere i omfang). Panteretten kan vera abstrakt, i den forstand at han ikkje er knytt berre til eitt bestemt krav (slik ein kanskje kunne tru ut frå definisjonen).

Panteretten som trygdsrett: Sjølv om panteretten er ein dekningsrett, er han også ein trygdsrett ("sikkerhetsrett"). I praksis er dette den viktigaste funksjonen retten har; dei fleste panterettar fører aldri til at kreditor nyttar sin rett til å søkje dekning i pantet, men retten tryggjer likevel kravet.

Oversyn over andre trygdsrettar ("sikkerhetsretter"): Vi skal gje eit oversyn over andre trygdsrettar enn panteretten. Nokre av dei kjem vi attende til seinare; dei fleste ikkje.

  1. Eigedomsatterhald og hevingsatterhald. Desse blir likestilte med salspant (som vi skal koma attende til), jf. pantel. § 3-22 første ledd.
  2. Leigekjøp. Leigeavtalar som i realiteten sikrar eit avhendingsvederlag, og der det er meininga at leigaren skal bli eigar, blir rekna som salspant, jf. pantel. § 3-22 andre ledd første punktum.
  3. Leasing. Leigeavtalar som i realiteten skal sikre eit avhendingsvederlag, men der det ikkje er meininga at leigaren skal bli eigar, blir ikkje rekna som salspant, men fleire av reglane om salspant gjeld tilsvarande, jf. pantel. § 3-22 andre ledd andre punktum. Det er her kontrakten om finansieringsleige eller finansiell leasing høyrer heime. I Rt. 2001.232 kom Høgsterett til at ein treårs leigeavtale om ein bil, som sikra berre omlag ein tredel av kjøpesummen, ikkje kunne reknast som ein leigeavtale som i realiteteten skal sikre eit avhendingsvederlag, og dermed hadde utleigaren rettsvern i leigarens konkursbu utan tinglysing etter pantel. § 3-17. Ein artikkel som mellom anna forklårer bakgrunnen for desse finansieringsordningane, er Jan Fr. Haraldsen: Leasing med restverdi – salgspant eller utleie? Lov og Rett 2002.295–306.
  4. Overdraging med trygdsføremål (sikringsoverføring, sikringscesjon). Dette er avtalar om at A avhendar eit formuesgode til S til eige, men slik at A skal ha rett til å få att eigedomsretten dersom han betalar attende pengar til S, eventuelt at det skal skje eit etteroppgjer mellom partane dersom S avhendar eigedommen for ein sum som er større enn den han skal ha av A. For lausøyreting er slike avtalar mest aktuelle i rettssystem som godtek at S kan ha vern for sin rett utan at A gjev frå seg tingen (slik er det ikkje hos oss). For pengekrav er sikringscesjon og pantsetjing reelt det same (pantel. § 4-9).
  5. Atthaldingsrett (retensjonsrett, "tilbakeholdsrett"). Atthaldingsretten er ein rett for den som sit med ein annans ting til å nekte å levere frå seg tingen til han får betalt eit krav. Tre vilkår må vera oppfylte: Atthaldaren må vera innehavar (sitje med tingen, ha tingen hos seg), han må ha eit krav, og det må vera samanheng (konneksitet) mellom innehavinga og kravet.
  6. Arrest. Arrest skal sikre ein kreditor som enno ikkje kan få utlegg, mot faktiske og rettslege disposisjonar frå eigaren, jf. tvangsl. § 14-11.
  7. Motrekningsrett. Den som har rett til å gjera opp si gjeld ved å slette eller redusere sitt eige krav mot den andre, får eigentleg rett til dekning i eit formuesgode som tilhøyrer den andre (nemleg kravet mot motreknaren). Likskapen med panteretten (både som dekningsrett og trygdsrett) kjem særleg fram i reglane om motrekning i konkurs (jf. deknl. § 8-1).
  8. Garanti. Ved ein kausjon stiller kausjonisten seg som personleg skyldnar ved sida av hovudskyldnaren. Kreditor får med andre ord ein allmenn dekningsrett også i høve til kausjonisten. Realkausjon talar ein om der nokon stiller pant for andres gjeld. Sjå om eit spørsmål kring kreditorskifte, Rt. 1998.204.

Inndeling av panterettane: Vi kan dele inn panterettane på fleire vis: etter stiftingsmåte (avtalepant, utleggspant, legalpant), rettsvernmåte (underpant, handpant), personleg ansvar (med og utan), panteobjekt (fast eigedom, lausøyre osb.), kredittype (salspant kan berre sikre kjøpesum eller lån til kjøpesum), dokumenttilknyting (pant knytt til omsetningsgjeldsbrev, andre panterettar). Studér inndelinga av pantelova. Sjå definisjonane på underpant og handpant i pantel. § 1-1.

Rettsregister: Ofte får panteretten rettsvern ved registrering i rettsregister. Somme av dei er realregister (sjå definisjonen i pantel. § 1-1). Vi kjem attende til registra etter kvart.