Leseeksempel panterett dag 4

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 10. nov. 2009 kl. 14:58 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: ==== Eksempel 9:<br> ==== Ei tid før konkursen hadde Gyldenbygg selt tre firmabilar kontant til selskapet Gyldenpris AS (eit selskap Constance Gyldenstierth hadde oppretta for snusimport)…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Eksempel 9:

Ei tid før konkursen hadde Gyldenbygg selt tre firmabilar kontant til selskapet Gyldenpris AS (eit selskap Constance Gyldenstierth hadde oppretta for snusimport). Like etter vart bilane selde attende til Gyldenbygg på kreditt. Gyldenbygg fekk salspant for kjøpesummen, og salspantet vart tinglyst i Lausøyreregisteret. Bustyraren i konkursbu Gyldenbygg ville ikkje godta panteretten og meinte at bilane tilhøyrde buet.

Eksempel 10:

Oppdrettsselskapet Merde AS leigde i november 2008 firmabil av leasingselskapet Lutalei AS. Kontrakten galdt for to år, og dei samla leigeterminane dekte om lag ein fjerdepart av innkjøpsverdien av bilen. Avtalen vart tinglyst i Lausøyreregisteret.

Ein av dei tilsette i oppdrettsselskapet, Agnar Aure, avtala i april 2009 å kjøpe bilen av arbeidsgjevaren. Økonomidirektøren forklårte at bilen var løyst ut frå leasingselskapet. Agnar overførte kjøpesummen på 50 000 kroner til arbeidsgjevaren og fekk same dagen med seg bilen. I samband med omregistreringa kontakta han Lutalei AS nokre dagar seinare, og da fekk han vita at leasingselskapet ikkje hadde fått oppgjer, og at Merde AS ikkje hadde rett til å selje bilen. Same dagen vart det opna konkurs i Merde AS. Lutalei AS kravde å få utlevert bilen, men det gjekk ikkje Agnar Aure utan vidare med på.

Eksempel 11:

Firmaet Soil-Olsen leverte tre vassklosett og to badekar til ei bedrift som pussa opp direktørbustaden sin. Varene var leverte på kreditt, og i fakturaen stod det at Soil-Olsen hadde salspant i varene for restkjøpesummen. Seinare gjekk byggherre-bedrifta konkurs, og konkursbuet selde bygget. Soil-Olsen ville hente vassklosetta og badekara, men dette protesterte buet og kjøparen mot.