Salspant

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Mål:

Denne dagen skal vi sjå på reglane om salspant og om pant i verdipapir, enkle pengekrav m.m. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

  • Kva krav som kan sikrast med salspant
  • Kva formuesgode det kan heftast salspant på
  • Kven som kan vera salspanthavar
  • Korleis salspant får rettsvernKorleis salspant får rettsvern
  • Bortfall av salspant på grunn av samanføying eller bearbeiding
  • Forelding av salspant
  • Samanhengen med eigedomsatterhald og med leasing

Salspant, særpreg: Salspant er særprega ved at 1) panteretten berre kan sikre krav på kjøpesum for pantet eller lån til betaling av kjøpesummen, 2) at også andre enn næringsdrivande kan underpantsetje lausøyreting, og 3) at panteretten som regel får vern utan særleg rettsvernakt (unntak for salspant i registrert motorvogn).

Vanlege lausøyreting: Merk at reglane i pantelova om salspant ikkje gjeld for realregistrerbare lausøyreting (og heller ikkje for fast eigedom, verdipapir eller krav). Dersom nokon vil sikre seg pant i slike formuesgode for kjøpesum eller lån til kjøpsum, må pantet sikrast vern etter dei reglane som gjeld for andre panterettar i vedkomande formuesgode.

Heimel: Heimelen for salspant er pantel. § 3-14. Merk særleg vilkåra for å sikre pant for lån til kjøpesummen.

Pantekrav: Salspant kan sikre krav på kjøpesummen eller lån til betaling av kjøpesummen, jf. pantel. § 3-14.

Varer som skal seljast vidare: Det kan ikkje avtalast salspant i varer for vidaresal, jf. pantel. § 3-15 andre ledd.

Rettsvern: Salspant får som hovudregel vern utan særleg rettsvernakt, men salspant i registrert motorvogn får berre vern ved tinglysing i lausøyreregisteret. Det er særlege reglar om skriftform i forbrukarkjøp (skriftleg stadfesting i andre kjøp), jf. pantel. § 3-17

Bortfall: Salspanteretten kan falle bort på grunn av samanførying (pantel. § 3-19) og bearbeiding (pantel. § 3-20).

Forelding: Salspant er ikkje meint å vera langvarig pantetrygd, og panteretten blir forelda etter korte fristar, jf. pantel. § 3-21.

Leasing: For leasing gjeld fleire av salspantreglane tilsvarande. Her kan Rt. 2001 s.232 skapa tvil: Retten meinte at salspantreglane ikkje skal gjelde tilsvarande for ein kortvarig leigeavtale som berre sikrar ein mindre del av kjøpesummen (avgjerda galdt forholdet til rettsvernregelen).