Forskjell mellom versjoner av «Utleggspant og legalpant. Realisasjon av panterett»

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk
Linje 53: Linje 53:
 
''Avtalar om prioritetsendring:'' Ein panthavar kan vike for ein annan panthavar med same eller dårlegare prioritet, men dei to kan ikkje avtala at mellomliggjande hefte skal koma dårlegare ut. Luftfartslova § [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-28 3-28], jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-8 § 6-8]: Disposisjon frå prioritetscedenten, samtykke frå eigaren (men ikkje nødvendig for registrering av vikinga), samtykke frå mellomliggjande rettshavarar som hovudregel, utan samtykke frå mellomliggjande rettshavarar dersom a) panterett vik for panterett (dvs. ikkje andre slags hefte) og b)cesjonarens panterett ikkje lyder på større sum enn vikinga gjeld. – For gjeldande rett om fast eigedom har det vore diskutert om mellomliggjande rettshavar kan motsetje seg endringar i rente og andre lånevilkår<br>  
 
''Avtalar om prioritetsendring:'' Ein panthavar kan vike for ein annan panthavar med same eller dårlegare prioritet, men dei to kan ikkje avtala at mellomliggjande hefte skal koma dårlegare ut. Luftfartslova § [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-28 3-28], jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-8 § 6-8]: Disposisjon frå prioritetscedenten, samtykke frå eigaren (men ikkje nødvendig for registrering av vikinga), samtykke frå mellomliggjande rettshavarar som hovudregel, utan samtykke frå mellomliggjande rettshavarar dersom a) panterett vik for panterett (dvs. ikkje andre slags hefte) og b)cesjonarens panterett ikkje lyder på større sum enn vikinga gjeld. – For gjeldande rett om fast eigedom har det vore diskutert om mellomliggjande rettshavar kan motsetje seg endringar i rente og andre lånevilkår<br>  
  
''Ombyting:'' Luftfartslova [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-30 § 3-30], jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-10 § 6-10]: Ombyting kan godtakast dersom a) tinglysing av nyt pantedokument skjer seinast samtidig med sletting av eit tidlegare, b) det nye pantedokumentet ikkje lyder på større sum enn den gamle, og c) utferdaren (eigaren av eigedommen) har sagt at det nye pantedokumentet skal ha same prioritet. Partane kunne ha oppnådd det same med å tinglyse det nye dokumentet på siste prioritet og deretter avtala prioritetsendring. – Same regel har vore lagt til grunn for fast eiegdom, sjå særleg Rt. 1993 s.183)  
+
''Ombyting:'' Luftfartslova [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-30 § 3-30], jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-10 § 6-10]: Ombyting kan godtakast dersom a) tinglysing av nyt pantedokument skjer seinast samtidig med sletting av eit tidlegare, b) det nye pantedokumentet ikkje lyder på større sum enn den gamle, og c) utferdaren (eigaren av eigedommen) har sagt at det nye pantedokumentet skal ha same prioritet. Partane kunne ha oppnådd det same med å tinglyse det nye dokumentet på siste prioritet og deretter avtala prioritetsendring. – Same regel har vore lagt til grunn for fast eiegdom, sjå særleg [http://websir.lovdata.no/cgi-lex/wiftles?pid=015238&usr=fak-ws-11&ndo=000001&doc=/app/online/www/docroot/lex/avg/hrsiv/rt1993-0183-00033a.html&qry=emne1=rt-1993-183&&ffil=res-015238.tmp&bas=hrsiv+hrstr& Rt. 1993 s.183])  
  
 
''Tomme prioritetar'' (opplåning, gjenopplåning, førehandstinglysing); ''tilhøvet til utlegg'': Utgangspunktet er at ein utleggstakar ikkje treng respektere tomme prioritetar, men etter luftl. [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-30 § 3-30] (jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-10 § 6-10]) må utleggstakar finne seg i (gjen)opplåning om ikkje opplånaren har fått varsel eller på annan måte kjennskap til eit registrert utlegg. Sjølv om opplånaren har fått slik kjennskap, må utleggstakaren finne seg i (gjen)opplåning dersom opplånaren ikkje godt kan avbryte kredittforholdet utan å lide tap. – For fast eigedom har ein diskutert om opplånaren kan ha undersøkingsplikt dersom det er gått lengre tid sia tinglysing  
 
''Tomme prioritetar'' (opplåning, gjenopplåning, førehandstinglysing); ''tilhøvet til utlegg'': Utgangspunktet er at ein utleggstakar ikkje treng respektere tomme prioritetar, men etter luftl. [http://lovdata.no/all/tl-19930611-101-011.html#3-30 § 3-30] (jf. burettslagslova [http://lovdata.no/all/tl-20030606-039-020.html#6-10 § 6-10]) må utleggstakar finne seg i (gjen)opplåning om ikkje opplånaren har fått varsel eller på annan måte kjennskap til eit registrert utlegg. Sjølv om opplånaren har fått slik kjennskap, må utleggstakaren finne seg i (gjen)opplåning dersom opplånaren ikkje godt kan avbryte kredittforholdet utan å lide tap. – For fast eigedom har ein diskutert om opplånaren kan ha undersøkingsplikt dersom det er gått lengre tid sia tinglysing  

Revisjonen fra 10. jun. 2010 kl. 06:16

Mål:

Til oversyn leseplan
Leseeksempel
Til dag 5
Spørsmål og merknader

Denne dagen skal vi sjå på reglane om utleggspant og legalpant og reglane om realisasjon av panterett. Så langt tida strekk til, skal vi også gå gjennom spørsmål om prioritet og prioritetsendringar. Etterpå skal du kunne gjera greie for:

  • Skilnaden mellom skifteutlegg og namsutlegg
  • Korleis namsutleggspant blir stifta
  • Kva funksjonar namsutleggspantet har i gjeldssøkinga
  • Kva formuesgode det kan takast utlegg i
  • Korleis utleggspant får rettsvern
  • Korleis legalpant (lovfastsett pant) oppstår
  • Korleis legalpant får rettsvern
  • Hovudreglane om prioritet for legalpant
  • Kva vi meiner med tvangsgrunnlag
  • Gangen i eit tvangssal av fast eigedom
  • Dekningsprinsippet
  • Hovudreglane om prioritet for pantretten
  • Hovudreglane om prioritetsavtalar
  • Hovudreglane om retten til å låne opp ein panterett i høve til etterståande utleggstakar
  • Hovudreglane om retten til å låne opp ein panterett i høve til etterståande avtalepanthavar
  • Hovudreglane om bortfall av etablert prioritet

Utleggspant er definert i pantel. § 5-1. Det er i første rekkje namsutlegg som interesserer her. Vi bør sjå reglane i pantelova i samanheng med reglane i tvangsl. kap. 7 om stifting av utlegg. Vi bør òg samanhalde dette med deknl. kap. 2 om kva det kan søkjast dekning i. Reglane om rettsvern for utlegg følgjer dels eit tospora system, der det i nokre tilfelle gjev vern mot kreditorar å tinglyse i Lausøyreregisteret, medan ein må følgje reglar som svarar til avtalepant for å få vern mot godtruerverv. Sjå som døme pant i vanlege lausøyreting, pantel. § 5-6. Pass også på særregelen om utlegg i registrert motorvogn i pantel. § 5-5. Spørsmålet om samla utlegg i visse tingssamband er noko vanskeleg; sjå føresetnaden i tvangsl. § 7-15 andre ledd og merknader i Rt. 1999 s. 2073.

Legalpant for nærare fastsette krav (eigedomsskatt, nokre kommunale avgifter og felleskostnader i seksjonssameiger) har rettsvern utan tinglysing og normalt på beste prioritet, jf. pantel. §§ 6-1 og 6-2. Dessutan er det særlege reglar om legalpant for bukostnader i pantel. § 6-4. Elles er regelen at legalpanterett i fast eigedom følgjer vanlege reglar for tinglysing og prioritet. Regelen i tomtefestelova § 14 første ledd er ikkje heilt lett å tolke. Legalpant for skip og fly, særleg sjøpanteretten, er praktisk viktige, jf. sjøl. §§ 51–64.

Hovudreglane om pantekravet: Pantekravet må fastsetjast til ein bestemt sum eller eit bestemt maksimum, pantel. § 1-4, men her er det unntak for nokre pantetilfelle (sjå pantelova §§ 3-2 og 4-5). Panteretten omfattar dessutan nokre tilleggskrav, først og fremst renter som er opptente seinare enn to etter krav om tvangsdekning, pantel. § 1-5.

Tvangslova og namsstyresmaktene: Dei prosessuelle reglane om inndriving av gjeld ved utlegg og om realisasjon av panterett stifta ved utlegg eller avtale, finst i tvangslova. Det er namsstyresmaktene (tingretten og namsmannen) som står for tvangsfullføringa, jf. tvangsl. § 2-1.

Tvangsgrunnlag: Namsstyresmaktene handlar ut frå eit tvangsgrunnlag. Som typisk døme på eit allment tvangsgrunnlag kan nemnast ein dom for eit krav. Viktige døme på særlege tvangsgrunnlag er panterettar med rettsvern; den som har panterett med rettsvern, treng normalt ikkje skaffe seg dom på at han kan realisere pantet. Sjå som døme tvangsl. § 11-2 for realregistrerbare formuesgode.

Realisasjonsmåte: Den viktigaste realisasjonsmåten i dag er medhjelparsal, typisk sal av fast eigedom gjennom advokat eller eigedomsmeklar, jf. tvangsl. § 11-12. Men framleis kan salet skje gjennom namsstyresmaktene, typisk ved tvangsauksjon. Realisasjon av fast eigedom, skip og fly kan òg skje ved tvangsbruk, jf. tvangsl. kap. 11 IV.

Dekningsprinsipp og oppgjer: Som regel kan ein panthavar ikkje krevje gjennomføring av realisasjonen utan at det er dekning til alle prioriterte hefte, tvangsl. § 11-20. Pengehefte blir normalt gjorde opp ved salet; betre prioriterte hefte av andre slag må kjøparen ta over. For å finne ut om ikkje-pengehefte med prioritet ved sida av eller etter panteretten skal takast over eller falle bort, kan ein måtte innhente alternative bod, tvangsl. § 11-21.

Hovudreglar om prioritet: Prioriteten avgjer rekkjefølgja mellom fleire rettar i same formuesgodet; den som har best prioritet, får dekning før det blir noko på den neste, osb. Prioriteten viser seg i første rekkje ved tvangsrealisasjon, tvangsl. §§ 11-20 og 11-21

Fastlegging av prioritet: Prioriteten kan følgje direkte av lov. Døme er pantel. § 6-1 første til tredje ledd. Hovudregelen om "køprinsippet" er lovfesta for panterettar i pantel. § 1-13. Prioriteten kan regulerast i avtale mellom eigar og panthavar. Avtalen krev ofte medverknad frå andre rettshavarar og normalt frå eigaren. Godtruerverv eller kreditorekstinksjon kan føre til at ein panterett ikkje får den prioriteten som følgjer av køprinsippet eller av avtale. Reglar om prioritetsavtalar og prioritetsendringar er lovfesta i luftfartslova (luftl.) §§ 3-28 til 3-30 og i burettslagslova kap. 6. Desse reglane er, langt på veg, henta frå eit utkast til ny tinglysingslov (NOU 1982:17)

Viktige problemstillingar i emnet: 1) På kva vilkår kan etablert prioritet endrast ved avtale (tilhøvet til eigar og til andre rettshavarar; ombyting; er det lov å "byte plass i køen")? 2) Kor langt kan ein godta utnytting av tomme prioritetar (førehandstinglysing, opplåning, gjenopplåning; er det lov å "reservere plass i køen")? 3) Kva skal til for at prioriteten går tapt (Når "mistar ein plassen i køen")?

Avtalar om prioritetsendring: Ein panthavar kan vike for ein annan panthavar med same eller dårlegare prioritet, men dei to kan ikkje avtala at mellomliggjande hefte skal koma dårlegare ut. Luftfartslova § 3-28, jf. burettslagslova § 6-8: Disposisjon frå prioritetscedenten, samtykke frå eigaren (men ikkje nødvendig for registrering av vikinga), samtykke frå mellomliggjande rettshavarar som hovudregel, utan samtykke frå mellomliggjande rettshavarar dersom a) panterett vik for panterett (dvs. ikkje andre slags hefte) og b)cesjonarens panterett ikkje lyder på større sum enn vikinga gjeld. – For gjeldande rett om fast eigedom har det vore diskutert om mellomliggjande rettshavar kan motsetje seg endringar i rente og andre lånevilkår

Ombyting: Luftfartslova § 3-30, jf. burettslagslova § 6-10: Ombyting kan godtakast dersom a) tinglysing av nyt pantedokument skjer seinast samtidig med sletting av eit tidlegare, b) det nye pantedokumentet ikkje lyder på større sum enn den gamle, og c) utferdaren (eigaren av eigedommen) har sagt at det nye pantedokumentet skal ha same prioritet. Partane kunne ha oppnådd det same med å tinglyse det nye dokumentet på siste prioritet og deretter avtala prioritetsendring. – Same regel har vore lagt til grunn for fast eiegdom, sjå særleg Rt. 1993 s.183)

Tomme prioritetar (opplåning, gjenopplåning, førehandstinglysing); tilhøvet til utlegg: Utgangspunktet er at ein utleggstakar ikkje treng respektere tomme prioritetar, men etter luftl. § 3-30 (jf. burettslagslova § 6-10) må utleggstakar finne seg i (gjen)opplåning om ikkje opplånaren har fått varsel eller på annan måte kjennskap til eit registrert utlegg. Sjølv om opplånaren har fått slik kjennskap, må utleggstakaren finne seg i (gjen)opplåning dersom opplånaren ikkje godt kan avbryte kredittforholdet utan å lide tap. – For fast eigedom har ein diskutert om opplånaren kan ha undersøkingsplikt dersom det er gått lengre tid sia tinglysing

Tomme prioritetar (opplåning, gjenopplåning, førehandstinglysing); tilhøvet til etterståande avtalepanthavar: Utgangspunktet er oppstigingsretten ("opptrinnsretten"): Er ikkje anna avtala, rykkjer panteretten fram i køen når prioriteten blir ledig (jf. luftl. § 3-29 og burettslagslova § 6-9). Avtale kan gå ut på at nokon har gått med på å stå attom bestemt sum (frå pantsetjars side prioritetsatterhald), eller det kan vera ein avtale om ei bestemt gjenopplåning. Kva gjeld utan avtale (bakgrunnsregelen)? To innfallsvinklar: 1) Har panthavaren med tom prioritet rett til å låne opp (på ny) om ikkje anna er avtala? 2) Har etterståande panthavar gått med på (gjen)opplåning om ikkje anna er avtala? Luftfartslova § 3-30 (jf. burettslagslova § 6-10): Ein etterståande avtalepanthavar må finne seg i (gjen)opplåning (men ikkje dersom innfriing er registrert eller påteikna obligasjonen), jf. første ledd. – Utgangspunktet for fast eigedom må helst vera rett til opplåning. Men dersom eigaren har bunde seg i høve til etterståande avtalepanthavar til ikkje å låne opp, og opplånaren kjenner dette, kan opplåning vera "illojalt" (Rt. 1994 s.775). Det same bør nok gjelde der den etterståande er eldst og har måtta vike på grunn av ekstinksjonsreglane

Forelding av tinglysingsvernet: Luftfartslova § 3-29: Eksisterande avtalepant eller utleggspant stig ikkje opp (sterkt kritisk Skoghøy (Panterett s. 235–236) annleis burettslagslova § 6-9), men neppe vern overfor ny avtaleervervar i god tru eller nytt kreditorbeslag; for fast eigedom neppe oppstiging for yngre avtalepanthavar som kjende det eldre heftet ved tinglysinga, men helst tap av rettsvern overfor andre etter forelding av rettsvern. Sletting ved mistak fører neppe til oppstiging for eksisterande rettar (Rt. 1930 s.923), og ikkje utan vidare bortfall av vern overfor kreditorbeslag (jf. Rt. 1930 s.1120; tinglyst nedskriving), men vernet mot avtaleervervar i god tru fell helst bort. Endring av vilkår (kan ikkje utvide hovudstolen, men kan nok endre andre vilkår utan at prioriteten går tapt)