Thales frå Milet

Fra mn.geo.hydro
Revisjon per 13. nov. 2018 kl. 17:11 av Nilsroar@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: Category:Hydrotrivia Thales fra Milet (624 - 547 f.Kr.) er rekna som den fyrste kjente greske filosofen. Som naturfilosof var hovudtesa hans at alle ting hadde opphav i eit urstoff,...)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Thales fra Milet (624 - 547 f.Kr.) er rekna som den fyrste kjente greske filosofen. Som naturfilosof var hovudtesa hans at alle ting hadde opphav i eit urstoff, og at dette urstoffet var vatn. I "Metafysikken" diskuterar Aristoteles (384 – 322 f.Kr.) oppfatninga til Thales grundig, men forkastar den for si eiga naturlære, bygd på Empedokles sine fire element jord, vatn, luft og eld. Denne læra rådde fram til opplysningstida.


Skal ein tru overleveringane var Thales også den fyrste kjente hydroteknikaren. I eit av felttoga sine mot perserane vart Kong Krøsus stogga av elva Halys, som var for djup til at soldatane hans kunne ta seg over. Thales fekk laga to sideløp, slik at vannstanden sokk nok til hæren kunne ta seg over.


Nils Roar Sælthun

Kjelde: Wikipedia.