Skriveoppgåve grunnlag diskusjon

Fra uv/ped/skrivepedagogikk
Revisjon per 15. apr. 2019 kl. 15:01 av Sdlaasta@uio.no (diskusjon | bidrag)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Skriveoppgåve som grunnlag for diskusjon i seminar.

Eg testa ut å starta ei diskusjonsoppgåve med fem minuttar skriving åleine. Emnet er avslutningsemne i utviklingsstudiar, og temaet for dette seminaret var klimaendringar og utvikling. I akkurat denne oppgåva ville eg at studentane skulle reflektere rundt kva som fører til auka «adaptive capacity» (tilpassingsdyktigheit), og koma fram til at det kan vera tiltak på svært ulike nivå, som ikkje treng vera kvalitativt annleis enn utviklingsstiltak som fattigdomsreduksjon, utdanning osb.

Oppgåve bygde eg opp etter ein «think, pair, square»-modell. Fyrst ba eg studentane sitje åleine og tenkje, skrive og slå opp i pensum, for å kome fram til forskjellige komponentar av tilpassingsdyktigheit. Eg delte seminargruppa i to, og gav dei litt forskjellige oppgåver. Etter fem minuttar mikroskriving diskuterte dei i nye fem minuttar kva dei hadde kome fram til med sidemannen. Deretter diskuterte para i grupper på fire med eit anna par som hadde fått ei litt anna oppgåve. I denne siste delen ba eg studentane også om å undersøka om det var nokre motsetnadar eller spenningar mellom det dei hadde diskutert basert på inndelinga eg hadde gjort, og eg gav dei ei ekstra diskusjonsoppgåve som eg tenkte ville løfte diskusjonen ytterligare.

Eg er usikker på kva ekstra gevinst dei fyrste fem minuttane med skriving hadde. Studentane er ein engasjert gjeng som kjenner kvarandre godt, og det kan hende dei fyrste fem minuttane var overflødige. Eg er derimot ikkje i tvil om at diskusjon i grupper er føredelaktig, og eg oppfattar skrivedelen som noko å lene seg på, då utgangspunktet kan vera «eg skreiv at…».

Denne oppgåva treng å vidareutviklast. Ved seinare høve ynskjer eg å knyta den i endå større grad til ein liten del av ein pensumtekst, gi andre typar oppgåver enn å tenkja rundt eit omgrep, og introdusera fleire komponentar til kvar del.


Av Synneva Geithus Laastad, stipendiat i samfunnsgeografi