Bjørn Ransve

Fra hf/ifikk/kun1000
Revisjon per 26. okt. 2021 kl. 11:06 av Vegahei@uio.no (diskusjon | bidrag)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Bjørn Ransve er ein norsk kunstnar fødd 16. desember 1944 i Oslo. Foreldra hans var Skredder Haakon Thorvald Ransve (1914–2000) og Hildur Oddveig Eriksen (1916–81). Han vaks opp i Oslo og utdanna seg ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) (1962–64) og Statens Kunstakademi (1964–68). Han er kjent som ein av dei mest overraskande norske samtidskunstnarane, og har ofte bytta uttrykk mellom utstillingane sine.[1]

Gjennom karrieren sin har han synt stor utvikling. Han arbeider gjerne i større serier som vert presentert i heilskaplege utstillingar. Nokre utstillingar er Hjerte og smerte (1976) og Stilleben (1980) som syner lausrivne hjarte, hovud og kroppsfragment i gamalmesterleg utføring. Seinare har han gått vekk ifrå det klassiserande uttrykket og stilt ut blant anna indianarhovud og totempæler med teikneserieaktig formspråk. I 1990-åra utvikla han stilen sin mot abstrakte flatemaleri med geometriske former og harde kantar.[1]

Les om Bjørn Ransves verk

Litteratur

Ustvedt, Øystein. "Bjørn Ransve". Norsk biografisk leksikon online, oppsøkt 22.10.2021. https://nbl.snl.no/Bj%C3%B8rn_Ransve

Referanser

  1. 1,0 1,1 Ustvedt, s.v. "Bjørn Ransve", Norsk biografisk leksikon online.