Arne Kavli - Ung dame

Fra hf.ifikk.norskbilledkunst
Hopp til: navigasjon, søk
Portrettet Ung Dame vart malt av Arne Kavli (1878 - 1950) i 1910, og er ein del av samlinga på Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Portrettet er utført i olje på lerret og måler 63 x 48,5 cm.[1]

Ung Dame (1910)

Arne Kavli, Ung dame, 1910. Olje på lerret, 63 x 48,5 cm. Nasjonalmuseet.

Motivet er definert som eit portrett av ei ung dame, iført ein storprikkede sommarkjole, ståande framfor ein lys gul-kvit og kritta grå bakgrunn. Dama står strak i ryggen vendt framover, har henda folda ned mot fanget og blikket sjåande mot høgre. Det mørkebrune håret er satt opp og trekt bak, smålig skjult under ein mørkeblå hatt. Frå den kvite kragen på toppen av den prikkete kjolen, heng det eit gult tørkle som samspelar med eit belte i identisk farge, som dama har rundt livet. Det er inga synlige andlets-uttrykk som kan røpe noko tydeleg sinnstemning.

Motivet er kvardagsleg og er malt i duse fargar, med tydelige og grove penselstrøk. Av gult og lilla, skapast koloristiske spenningar i den prikkete sommarkjolen.[2] Skuggelegginga i maleriet gjev dybde og eit truverdig perspektiv. Utan å vite om maleriet skal forestilliast ute- eller inne, gjev skuggane og den gule bakgrunnen kjensle av sollys. Maleriet har lause og opne komposisjonar, der linjene er utydelige og går inn i kvarandre. Tross til abstrakt stil, er motivet tydeleg. 

Endring av kunstnerisk uttrykk

Ung Dame (1910) er malt på ei tid som kan virke nært ei endring av Kavli sitt kunstneriske uttrykk. Kavli malte i lang tid i ein nyromantisk stil, der han spesielt var kjend for sine maleri av landskapet på Jæren. Men fram mot 1910 vendte han seg bort frå dette, vart meir inspirert av fransk maleri og fant det kunstneriske uttrykk som han sida har holdet fast ved; ny-impresjonismen.[3] Koloritten lysnet, under inntrykk av fransk impresjonisme, fauvisme og truleg også av Edvard Munch og Ludvig Karsten.[4] Fargeholdningen ligg nær Zahrtmann-skulens brutte, disharmoniske klanger.[5] Motiva endra seg frå det romantiske uendelige, til kvardagslege omgivnader, avgrensa av trer, busker og hustak.  

"Kavli befestet nå sitt ry som de elegante løsningers mester. Han ble de sorgløse stunders fortolker, impresjonistisk lett både i form og innhold." (Nils Messel, https://nkl.snl.no/Arne_Kavli) 

Kvinneportrett som motiv

Arne Kavli, Dameportrett (1909), Damen med støvler (Utan år), Ung dame i snøreliv (1912) og Dame med skjerf (1917.)

Endringa av det kunstneriske uttrykket, førte til at Kavli no arbeida med motiv som landskap, enkelte stillbein og interiør, men mest av alt kvinneportretter. Saman med maleriet Ung dame (1910) eksisterer det fleire kvinneportretter i samlinga på Nasjonalmuseet, av Kavli frå den same tidsperioden. Blandt desse finn vi Dameportrett (1909), Damen med støvler (Utan år), Ung dame i snøreliv (1912) og Dame med skjerf (1917.) Tross sine ulikheiter, kan ein i alle desse sjå likheitstrekk ved både motiv og den ny-impresjonistiske stilen som vi finn igjen i Ung dame (1910). Alle har like motiv, gjerne med duse fargar, tydlege og grove penselstrøk. Maleria har utydelige linjer som går inn i kvarandre, der gjerne bakrgunnen har mindre detaljar og er meir utydeleg enn dama. Eit anna likheitstrekk er at nesten alle damene ser bort, gjerne til høgre og er ganske lik i klesstilen. "Slik som Toulouse-Lautrec og Degas før han, foretakk Kavli i disse år modeller frå kafeene og forlystningslivet. Nippende til en aperitiff og gjerne iført siste mote, betrakter de verden med lett tilslørte, sensuelle blikk." (Nils Messel, https://nkl.snl.no/Arne_Kavli)  

Kunst i samtiden

Denne nyorienteringa rundt 1910, som gav seg utslag i friare og lysare fargebruk og ein meir oppløst form, har Kavli til felles med ein heil generasjon kunstnere. Etter 1900 knytta norsk maleri eit sterkt forbund med utviklinga i fransk kunst, der komposisjon og koloritt identifiseres som maleriets to vesentlige særtrekk.[6] I Noreg på denne tida var det i hovudsak to grupper som kunstfeltet delte seg imellom; ny-impresjonismen og Matisse-elevene.

Ny-impresjonisme

Ny-impresjonistene markerte seg frå byrjinga av 1900-talet og dominerte norsk kunst fram til den fyrste verdskrig. [7] Impresjonismen ville fasthalde det på augeblikkelige inntrykk og den umiddelbare naturoppleving, og frigjere paletten frå jordfargene. [8]

Fauvisme og Matisse-elevene

Fauvisme er ein betegnelse for den franske form for ekspersjonisme, som særlig vart dyrka av ein krets malere omkring Henri Matisse i det fyrste tiåret av 1900-talet. Fauvistene søkte ikkje å uttrykke eit litterært innhald, dei benytta eit ekspressivt formspråk som karakteriseres ved betoning av det flatmessige i maleriet, av sterke, klare fargar, rytmisk linjespel, markerte svarte konturer og ofte eit grovt og bredt penselstrøk.[9] Omkring 1909 var ei rekke norske kunstnere elever av Henri Matisse.

Litteratur

Messel, Nils. Norsk Kunstnerleksikon, I-IV, 1982-86. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli

Mørstad, Erik. "Visuell analyse: Metode og skriveråd." Oslo: Abstrakt forlag AS, 2005.

Williams, Robert. "Art Theory: An historical introduction." The nineteenth century, side 119-170. The early twentieth century, side 171-207. Cornwall: Blackwell Publishing, 2004.

Gotfredsen, Lise. "Bildets formspråk." Tangen: Universitetsforlaget AS, 2004.

Referanser

  1. http://samling.nasjonalmuseet.no/no/object/NG.M.01011
  2. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  3. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  4. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  5. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  6. https://snl.no/Norsk_kunsthistorie
  7. http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/Guide/Tidslinjer/Kunsthistorie/tekstsider/modernismen/n_modernismen.htm
  8. https://snl.no/impresjonisme_-_billedkunst
  9. https://snl.no/fauvisme