Modernisme

Fra hf.ifikk.norskbilledkunst
Hopp til: navigasjon, søk

Modernisme i kunsten

Modernisme er eit interdisiplinært omgrep.[1] Innanfor disiplinen kunst, inneber omgrepet ei form for lausriving frå tradisjonar og ei utforsking av eigenart.[2] Modernismen kan med det tolkast som eit alternativ til innarbeidde kunstnariske konvensjonar, og det allereie frå midten av 1800-tallet. I Noreg oppstod det noko seinare. Ein av dei aller første modernistane innan malerkunsten var franske Edouard Monet. Han lagde i 1863 eit verk kalla Olympia (Ill.1).[3] Motivet var ei naken kvinne, men ho var malt utan dei tradisjonelle konvensjonane. Manet blei difor kritisert for å ha produsert eit maleri utan meining, perspektiv eller innhald. Verket representerte med dette ei form for autonom kunst, ein sentralt karakteristikk for modernistisk kunst.

Ein av dei mest kjende kunstkritikarane frå det 20. århundre i Amerika, Clement Greenberg, skreiv i 1960 Modernist Painting.[4] Teksten er i dag eit viktig verk for forståinga av modernismen. Greenberg meinte at Manet malte dei første modernistiske maleria, og grunna påstanden sin i korleis dei var utforma.[5] Overflata av lerretet var ikkje forsøkt skjult og malerstrøka var ikkje bearbeidd slik at verket unngjekk det illusjonistiske idealet. Clement Greenberg hevda at "hver kunstform måtte, gjennom sine egne fremgangsmåter og sine egne verker, bestemme hvilke virkninger den enkelte kunstform var alene om å besitte." [6] Han påpeika deretter at maleriet var den einaste kunstforma som måtte forholde seg til ei flate, og flata burde difor utforskast og ikkje unnlatast. Omgrepet "overflate" blei og er eit viktig aspekt i diskusjonen og kritikken av modernistisk kunst.[7] Greenberg oppfordra til å avdekke kunsten (til rein form) ved å unngå å imitere kunst.[8] Gunnar Danbolt forklarer det slik; "dersom kunst er imitasjon er den redusert til eit teikn som først får meining i kraft av noko anna, som ikkje er kunst, for eksempel ei eller anna form for røyndom - ein elg, ei sjøløve eller eit menneske. Men er ikkje også kunsten røyndom - ikkje i kraft av noko anna, men i kraft av seg sjølv?[9]

Modernisme innan norsk skulpturkunst

Aase Texmon Rygh, Møbius rund (Møbiusserien), 2003. Stein, 38x 37 x 32 cm. Hentet fra: https://digitaltmuseum.no/021045824200/mobius-rund-skulptur/media?slide=0

Aase Texmon Rygh har blitt karakterisert som Noregs første modernistiske kunstnar innan skulptur.[10] Ho har vist at kunst kan vere kunst i kraft av seg sjølv. Øivind Storm Bjerke har skildra produksjonen hennar med;"Texmon Ryghs kunst føyer seg inn i en bestrebelse i det 20. århundres skulptur på å finne frem til skulpturens egenart som kunstart." [11]Akkurat slik Greenberg hevdar at overflate er maleriets eigenart, skriv han at tredimensjonalitet er skulpturkunstens eigenart[12]. Aase Texmon Rygh ser ut til å ha dyrka nettopp denne tredimensjonalitetet og det som skil skulptur frå anna kunst gjennom eit langt kunstnerskap. Ho fremstår som ein solid modernist ved å utforske formkvaliteter og ved å ikkje etterlikne eller imitere noko vi allereie kjenner.[13]

Eit eksempel er verket "Møbius rund" (Ill. 2), som viser ei enkel autonom form som må tale for seg sjølv. Sirkelen er kompakt med ei slags uendeleg roterande kraft.

Referanser

  1. Greenwood, Art in Theory (Malden, Mass: Blackwell, 2003), s. 774.
  2. Danbolt, Norsk kunsthistorie (Oslo: Det Norske Samlaget 2018), s. 194-199.
  3. Danbolt, Norsk kunsthistorie, (Oslo: Det Norske Samlaget, 2018), s. 196-197.
  4. Greenwood, Art in Theory (Malden, Mass: Blackwell, 2003), s. 773-779.
  5. Greenwood, Art in Theory (Malden, Mass: Blackwell, 2003), s. 775.
  6. Greenberg, Den modernistiske kunsten (Pax Forlag, Oslo), s. 143.
  7. Kirkholt, Kritikken av overflaten (Kunst og Kultur, nr. 4), s.194-217.
  8. Greenwood, Art in Theory (Malden, Mass: Blackwell, 2003), s.775.
  9. Danbolt, Norsk kunsthistorie (Oslo: Det Norske Samlaget, 2018), s. 338.
  10. Danbolt, Norsk kunsthistorie (Oslo: Det Norske Samlaget 2018), s. 338.
  11. Bjerke, Aase Texmon Rygh (Forlaget Press, 2010), s. 155.
  12. Greenwood, Art in Theory (Malden, Mass: Blackwell, 2003), s. 776.
  13. Bjerke, Aase Texmon Rygh (Forlaget Press, 2010), s. 153-156.

Litteraturliste

Bjerke, Øivind Storm. Aase Texmon Rygh. Forlaget Press, 2010. 

Danbolt, Gunnar. Norsk kunsthistorie, Bilder og skulptur frå vikingtida til i dag. Oslo: Det Norske Samlaget, 3. utgåve, 2018. 

Greenwood, Clement i Harrison, C., & Wood, P. Art in theory: 1900-2000 : An anthology of changing ideas (New ed.). Malden, Mass: Blackwell, 2003.  

Harrison, Charles & Paul Wood red. 2003. Art in theory 1900-2000. An anthology of changing ideas. Malden: Blackwell, 2003.

Kirkholt, Tore. Kritikken av overflaten. Kunst og Kultur, nr. 4, 2002.