Arne Kavli - Ung dame
Innhold
Ung Dame (1910)
Motivet er definert som eit portrett av ei ung dame, i ført ein storprikkede sommarkjole, ståande framfor ein lys gul-kvit og kritta grå bakgrunn. Dama står strak i ryggen vendt framover, har henda folda ned mot fanget og blikket sjåande mot høgre. Det mørkebrune håret er satt opp og trekt bak, smålig skjult under ein mørkeblå hatt. Frå den kvite kragen på toppen av den prikkete kjolen, heng det eit gult tørkle som samspelar med eit belte i identisk farge, som dama har rundt livet. Det er ingen synlige andlets-uttrykk som kan røpe noko tydeleg sinnstemning.
Det kvardagslege motivet er malt i duse fargar, med tydelige og grove penselstrøk. Av gult og lilla, skapast koloristiske spenningar i den prikkete sommarkjolen.[2] Skuggelegginga av dama og den abstrakte bakgrunnen, gjev dybde og eit truverdig perspektiv. Utan å vite om maleriet skal forestilliast ute- eller inne, gjev den gule bakgrunnen og skuggane kjensle av sollys. Maleriet har lause og opne komposisjonar, der linjene er utydelige og går inn i kvarandre. Tross til abstrakt stil, er motivet tydeleg.
Endring av kunstnerisk uttrykk
Ung Dame (1910) er malt på ei tid som kan virke nært ei endring av Kavli sitt kunstneriske uttrykk. Kavli malte i lang tid i ein nyromantisk stil, der han spesielt var kjend for sine maleri av landskapet på Jæren. Men fram mot 1910 vendte han seg bort frå dette, vart meir inspirert av fransk maleri og fant det kunstneriske uttrykk som han siden har holdet fast ved; ny-impresjonismen.[3] Koloritten lysnet, under inntrykk av fransk impresjonisme, fauvisme og truleg også av Edvard Munch og Ludvig Karsten.[4] Fargeholdningen ligg nær Zahrtmann-skolens brutte, disharmoniske klanger.[5] Motiva endra seg frå det romantiske uendelige, til kvardagslege omgivnader, avgrensa av trer, busker og hustak.
Kvinneportrett som motiv
Kunst i samtiden
- Matrisse
- Franskinspo
- nyimersjonismen
Litteratur
Messel, Nils. Norsk Kunstnerleksikon, I-IV, 1982-86. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
Mørstad, Erik. "Visuell analyse: Metode og skriveråd." Oslo: Abstrakt forlag AS, 2005.
Gotfredsen, Lise. "Bildets formspråk." Tangen: Universitetsforlaget AS, 2004.
Williams, Robert. "Art Theory: An historical introduction." The nineteenth century, side 119-170. Cornwall: Blackwell Publishing, 2004.