Arne Kavli - Ung dame

Fra hf.ifikk.norskbilledkunst
Hopp til: navigasjon, søk
Portrettet Ung Dame vart malt av Arne Kavli (1878 - 1950) i 1910, og er ein del av samlinga på Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design. Portrettet er utført i olje på lerret og måler 63 x 48,5 cm.[1]

Ung Dame (1910)

Arne Kavli, Ung dame, 1910. Olje på lerret, 63 x 48,5 cm. Nasjonalmuseet.

Motivet er definert som eit portrett av ei ung dame, i ført ein storprikkede sommarkjole, ståande framfor ein lys gul-kvit og kritta grå bakgrunn. Dama står strak i ryggen vendt framover, har henda folda ned mot fanget og blikket sjåande mot høgre. Det mørkebrune håret er satt opp og trekt bak, smålig skjult under ein mørkeblå hatt. Frå den kvite kragen på toppen av den prikkete kjolen, heng det eit gult tørkle som samspelar med eit belte i identisk farge, som dama har rundt livet. Det er ingen synlige andlets-uttrykk som kan røpe noko tydeleg sinnstemning.

Det kvardagslege motivet er malt i duse fargar, med tydelige og grove penselstrøk. Av gult og lilla, skapast koloristiske spenningar i den prikkete sommarkjolen.[2] Skuggelegginga av dama og den abstrakte bakgrunnen, gjev dybde og eit truverdig perspektiv. Utan å vite om maleriet skal forestilliast ute- eller inne, gjev den gule bakgrunnen og skuggane kjensle av sollys. Maleriet har lause og opne komposisjonar, der linjene er utydelige og går inn i kvarandre. Tross til abstrakt stil, er motivet tydeleg. 

Endring av kunstnerisk uttrykk

Ung Dame (1910) er malt på ei tid som kan virke nært ei endring av Kavli sitt kunstneriske uttrykk. Kavli malte i lang tid i ein nyromantisk stil, der han spesielt var kjend for sine maleri av landskapet på Jæren. Men fram mot 1910 vendte han seg bort frå dette, vart meir inspirert av fransk maleri og fant det kunstneriske uttrykk som han siden har holdet fast ved; ny-impresjonismen.[3] Koloritten lysnet, under inntrykk av fransk impresjonisme, fauvisme og truleg også av Edvard Munch og Ludvig Karsten.[4] Fargeholdningen ligg nær Zahrtmann-skolens brutte, disharmoniske klanger.[5] Motiva endra seg frå det romantiske uendelige, til kvardagslege omgivnader, avgrensa av trer, busker og hustak. 

Kvinneportrett som motiv

Endringa av det kunstneriske uttrykket, førte til at Kavli no arbeida med motiv som landskap, enkelte stillbein og interiør, men mest av alt kvinneportretter. Saman med maleriet Ung dame (1910) eksisterer det fleire kvinneportretter i samlinga på Nasjonalmuseet av Kavli frå den same tidsperioden. Blandt desse finn vi Dameportrett (1909), Damen med støvler (Utan år), Ung dame i snøreliv (1912) og Dame med skjerf (1917.) Tross sine ulikheiter, kan ein i alle desse sjå likheitstrekk på både motiv og den ny-impresjonistiske stilen som vi finn igjen i Ung dame (1910). Alle har like motiv, gjerne med anten duse eller fauvisme-inspererte fargar, tydlege og grove penselstrøk (MEIR..) Ein anna detalj for motivet, er at ein kan sjå at alle damene ser bort, gjerne til høgre. (meir tolkning)  

Alternativ tekst
Alternativ tekst
Alternativ tekst
Alternativ tekst


Kunst i samtiden

- Matrisse

- Franskinspo

- nyimersjonismen

Litteratur

Messel, Nils. Norsk Kunstnerleksikon, I-IV, 1982-86. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli

Mørstad, Erik. "Visuell analyse: Metode og skriveråd." Oslo: Abstrakt forlag AS, 2005.

Gotfredsen, Lise. "Bildets formspråk." Tangen: Universitetsforlaget AS, 2004.

Williams, Robert. "Art Theory: An historical introduction." The nineteenth century, side 119-170. Cornwall: Blackwell Publishing, 2004.

Referanser

  1. http://samling.nasjonalmuseet.no/no/object/NG.M.01011
  2. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  3. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  4. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli
  5. https://nkl.snl.no/Arne_Kavli