Modernisme

Fra hf.ifikk.norskbilledkunst
Revisjon per 4. okt. 2020 kl. 16:46 av Elibu@uio.no (diskusjon | bidrag) (overskrifter)

Hopp til: navigasjon, søk

Modernisme

Modernisme er eit interdisiplinært omgrep. Innanfor disiplinen kunst, inneber omgrepet ei form for lausriving frå tradisjonar og ei utforsking av eigenart. Modernismen kan med det tolkast som eit alternativ til innarbeidde kunstnariske konvensjonar, og det allereie frå midten av 1800-tallet. I Noreg oppstod det noko seinare. Ein av dei aller første modernistane innan malerkunsten var franske Edouard Monet. Han lagde i 1863 eit verk kalla Olympia (Ill. 1). Motivet var ei naken kvinne, men ho var malt utanfor dei tradisjonelle konvensjonane. Manet blei difor kritisert for å ha produsert eit maleri utan meining, perspektiv eller innhald. Verket representerte ei form for autonom kunst, ein sentralt karakteristikk for modernistisk kunst. Ein av dei mest kjende kunstkritikarane frå det 20. århundre i Amerika, Clement Greenberg, skreiv i 1960 Modernist Painting. Teksten er i dag eit viktig verk for forståinga av modernismen. Greenberg meinte at Manet malte dei første modernistiske maleria, og grunna påstanden sin i korleis dei var utforma. Overflata av lerretet var ikkje forsøkt skjult og malerstrøka var ikkje bearbeidd slik at verket fremstod illusjonistisk. Clement Greenberg hevda at "hver kunstform måtte, gjennom sine egne fremgangsmåter og sine egne verker, bestemme hvilke virkninger den enkelte kunstform var alene om å besitte." Han påpeika deretter at maleriet var den einaste kunstforma som måtte forholde seg til ei flate, og flata burde difor utforskast og ikkje unnlatast. Omgrepet "overflate" blei og er eit viktig aspekt i diskusjonen og kritikken av modernistisk kunst. Greenberg prøvde å oppfordre til å avdekke kunsten (i rein form) ved å unngå imitere kunst. Gunnar Danbolt forklarer det slik; "dersom kunst er imitasjon er den redusert til eit teikn som først får meining i kraft av noko anna, som ikkje er kunst, for eksempel ei eller anna form for røyndom - ein elg, ei sjøløve eller eit menneske. Men er ikkje også kunsten røyndom - ikkje i kraft av noko anna, men i kraft av seg sjølv?

Modernisme og skulpturkunst

Aase Texmon Rygh har blitt karakterisert som Noregs første kunstnar innen skulptur, til å vise at kunst kan vere kunst i kraft av seg sjølv. Øivind Storm Bjerke skildrar det ved å skrive "Texmon Ryghs kunst føyer seg inn i en bestrebelse i det 20. århundres skulptur på å finne frem til skulpturens egenart som kunstart." Akkurat slik Greenberg hevdar at overflate er maleriets eigenart, skriv han at tredimensjonalitet er skulpturkunstens eigenart. Dyrking av det som skil skulptur frå anna kunst, har Texmon Rygh gjort gjennom heile sitt kunstnerskap. I verket "Møbius rund" (Ill. 2), viser ho tredimensjonalitet og ingen åpenbar imitering av andre motiv. Aase Texmon Rygh står for ein stor modernistiske produksjon, ved å ikkje etterlikne eller imitere noko vi allereie kjenner.