Leseeksempel panterett dag 5

Fra jus/tredjemannsvern
Hopp til: navigasjon, søk

Eksempel 12

Fidel Rufset åtte tretti prosent av aksjane i Framgang AS. Aksjane var ikkje registrerte i Verdipapirsentralen. Fidel Rufset lånte 500 000 kroner av Tage Fath i januar og pantsette aksjeposten i Framgang AS til trygd for lånet. I pantsetjingsavtalen heitte det at Tage Fath skulle ha fullmakt til å røyste for aksjeposten så lenge aksjane var pantsette. Framgang AS fekk melding om pantsetjinga.

På den følgjande generalforsamlinga møtte både Fidel Rufset og Tage Fath, og begge ville røyste for aksjeposten. Fidel Rufset viste til at pantsetjinga ikkje var gyldig fordi aksjane ikkje kunne overførast utan samtykke frå styret, og slik samtykke var ikkje gjeve. I alle fall var han ikkje bunden av den fullmakta han hadde gjeve, sa han.

Eksempel 13

Ingeniørselskapet Løvborg AS hadde kassakredittavtale med ein bank, og banken hadde pant i alle enkle pengekrav på vederlag for varer eller tjenester som Løvborg hadde eller ville få i si verksemd. Avtalen var tinglyst i Lausøyreregisteret. Da Løvborg gjekk konkurs, viste det seg at han hadde pantsett til Jørgen Tesman alle krav etter ein leigeavtale med ein butikk som var leigetakar i bygget der Løvborg dreiv si verksemd, og som han var eigar av. Tesman hadde sendt melding til butikken om pantsetjinga. Det skjedde etter at banken hadde tinglyst sitt pant, men før konkursopninga. Tesman ville ha leigeinntektene utbetalt til seg; han hadde ikkje visst om bankens pant. Bustyraren ville ikkje godta at nokon av dei hadde krav på leiga, iallfall ikkje leige for tida etter konkursopninga. Gjer greie for rettsspørsmåla.

Eksempel 14

Materialleverandøren Palisander AS leverte varer på kreditt til entreprenørforretninga Svanke AS og fekk pant i Svankes krav mot kommunen i eit byggjeprosjekt som var under utføring. Før gjelda var gjord opp, gjekk Palisander konkurs. Bustyraren fekk sluttoppgjeret frå kommunen utbetalt til buet. Utbetalinga var på 500 000 kroner. Svankes gjeld til Palisander var ved konkursopninga på 200 000 kroner. Svanke ville ha utbetalt dei overskytande 300 000. Bustyraren gjekk med på at det skulle skje eit etteroppgjer, men han meinte at Svanke berre hadde krav på dividende av det overskytande. Hadde bustyraren rett i det?