Forskjell mellom versjoner av «Avtalepant i lausøyreting»
Linje 48: | Linje 48: | ||
{| cellspacing="1" cellpadding="1" border="1" align="right" | {| cellspacing="1" cellpadding="1" border="1" align="right" | ||
|- | |- | ||
− | | Til dag 4 | + | | [[Salspant|Til dag 4]] |
|} | |} |
Revisjonen fra 10. nov. 2009 kl. 15:16
Mål:
Til oversyn leseplan |
Til dag 2 |
Leseeksempel |
Denne dagen skal vi sjå på reglane om pant i lausøyreting, både vanlege lausøyreting og næringslausøyre, med unntak for reglane om salspant. Etterpå skal du kunne gjera greie for:
- Kva vi meiner med lausøyreting
- Kva vi meiner med næringslausøyre
- Kva vi meiner med realregistrerbar løysøyre
- Hovudinnhaldet i handpantregelen
- Kven blir rekna som næringsdrivande etter reglane i pantelova
- Hovudreglane om kva som er omfatta av driftstilhøyrsle
- Hovudreglane om kva som kan pantsetjast som motorvogn m.m.
- Hovudreglane kva som kan pantsetjast som varelager
- Kva vi meiner med uttrykka tingssamband ("tingsinnbegrep") og flåtepant
- Korleis pant i næringslausøyre får rettsvern
- Retten til avhende formuesgode som er pantsette som næringslausøyre
Lausøyreting: Oppbygginga av pantelova er slik at "løsøre" er nytta i tydinga lausøyreting – verdipapir og krav er ikkje omfatta.
Realregistrerbare og vanlege lausøyreting: Lausøyreting er anten realregistrerbare lausøyreting (skip, fly m.m.) eller vanlege lausøyreting. Panterett i realregistrerbare lausøyreting skal vi ikkje gå nærare inn på; som regel får panterett i slik ting rettsvern ved registrering i vedkomande realregister (om realregister, sjå pantel. § 1-1 fjerde ledd). Merk at bilar aldri er realregistrerbare (at salspant og utlegg i visse motorvogner kan tinglysast i Lausøyreregisteret endrar ikkje på det). Merk også at det avgjerande er om tingen kan registrerast i eit realregister.
Handpantregelen: Den formelle hovudregelen er at pant i (vanlege) lausøyreting får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. §§ 3-1 og 3-2. Det sentrale med handpantregelen er at eigaren (pantsetjaren) må gje frå seg rådveldet over tingen.
Legg merke til at Skoghøy (Skoghøy: Panteloven s. 225, jf. 129) meiner frampant i lausøyreting alternativt kan få vern ved notifikasjon.
Underpantsetjing av næringslausøyre: Viktige unntak frå handpantregelen gjeld for store grupper av næringslausøyre. Vi har alt nemnt driftslausøyre som kan pantsetjast saman med den fast eigedommen, med tinglysing i grunnboka som rettsvernregel. Andre grupper er motorvogner m.m., landbrukslausøyre, fiskereiskapar og varelager. Det er berre næringsdrivande som kan pantsetje etter desse reglane, jf. definisjonen i pantel. § 3-5.
- Driftstilhøyrsle. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-4. Formuesgoda kan pantsetjast samla (tingssamband). Pantsetjing av driftstilhøyrsle i ei åtskild avdeling av verksemda kan pantsetjast for seg.
- Motorvogner, anleggsmaskiner og jarnbanemateriell. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-8. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Tinga kan pantsetjast einskildvis eller under eitt. Det siste blir somtid kalla "flåtepant", og pantsetjinga gjeld da eit tingssamband.
- Landbrukslausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-9. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Merk den spesielle samankoplinga mellom driftsmidlar og omsetningsmidlar. Merdar o.l. i oppdrettsanlegg er med.
- Fiskerilausøyre. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-10. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret.
- Varelager. Heimel for pantsetjing er pantel. § 3-11. Rettsvernregelen er tinglysing i Lausøyreregisteret. Varelagerpant gjeld alltid fleire varer under eitt (eit tingssamband), men lova opnar for at sjølvstendige delar av varelageret kan pantsetjast for seg.
Retten til å avhende pantsett næringslausøyre: I pantel. § 3-7 er det reglar om retten til å disponere over lausøyre som er pantsett som tingssamband. Reglane er gjorde gjeldande for flåtepant i motorvogner m.m. (pantel. § 3-8 femte ledd) og for landbrukslausøyre (pantel. § 3-9 femte ledd) og fiskereiskapar (pantel. § 3-10 tredje ledd). I pantel. § 3-13 er det reglar om retten til å avhende frå varelager. Dei to føresegnene er ikkje heilt like, for varer skal normalt avhendast.
Merk at panteretten fell bort dersom avhendinga skjer i samsvar med eigarens rett. Går eigaren ut over sin rett, kan panteretten falle bort ved godtruerverv (jf. pantel. § 3-7 tredje ledd og godtrulova).
Forholdet til salspant: Salspanterett går framfor pant i driftstilhøyrsle, flåtepant i motorvogner m.m., pant i landbrukslausøyre, pant i fiskerilausøyre og varelagerpant (pantel. § 3-4 tredje ledd, jf. § 3-8 femte ledd, § 3-9 femte ledd, § 3-10 tredje ledd og § 3-11 femte ledd). Det gjeld sjølv om salspanteretten ikkje er sikra rettsvern i høve til omsetningserverv og kreditorbeslag, jf. Rt. 2000 s.1360.
Til dag 4 |