Forskjell mellom versjoner av «Utleggspant og legalpant. Realisasjon av panterett»
Linje 8: | Linje 8: | ||
|- | |- | ||
| [[Avtalepant i verdipapir, enkle krav m.m.|Til dag 5]] | | [[Avtalepant i verdipapir, enkle krav m.m.|Til dag 5]] | ||
+ | |- | ||
+ | | [https://diskusjonsforum.uio.no/forum.jspa?forumID=13 Spørsmål og merknader] | ||
|} | |} | ||
Revisjonen fra 27. nov. 2009 kl. 08:21
Mål:
Til oversyn leseplan |
Leseeksempel |
Til dag 5 |
Spørsmål og merknader |
Denne dagen skal vi sjå på reglane om utleggspant og legalpant og reglane om realisasjon av panterett. Etterpå skal du kunne gjera greie for:
- Skilnaden mellom skifteutlegg og namsutlegg
- Korleis namsutleggspant blir stifta
- Kva funksjonar namsutleggspantet har i gjeldssøkinga
- Kva formuesgode det kan takast utlegg i
- Korleis utleggspant får rettsvern
- Korleis legalpant (lovfastsett pant) oppstår
- Korleis legalpant får rettsvern
- Hovudreglane om prioritet for legalpant
- Kva vi meiner med tvangsgrunnlag
- Gangen i eit tvangssal av fast eigedom
- Dekningsprinsippet
Utleggspant er definert i pantel. § 5-1. Det er i første rekkje namsutlegg som interesserer her. Vi bør sjå reglane i pantelova i samanheng med reglane i tvangsl. kap. 7 om stifting av utlegg. Vi bør òg samanhalde dette med deknl. kap. 2 om kva det kan søkjast dekning i. Reglane om rettsvern for utlegg følgjer dels eit tospora system, der det i nokre tilfelle gjev vern mot kreditorar å tinglyse i Lausøyreregisteret, medan ein må følgje reglar som svarar til avtalepant for å få vern mot godtruerverv. Sjå som døme pant i vanlege lausøyreting, pantel. § 5-6. Pass også på særregelen om utlegg i registrert motorvogn i pantel. § 5-5. Spørsmålet om samla utlegg i visse tingssamband er noko vanskeleg; sjå føresetnaden i tvangsl. § 7-15 andre ledd og merknader i Rt. 1999.2073.
Legalpant for nærare fastsette krav (eigedomsskatt, nokre kommunale avgifter og felleskostnader i seksjonssameiger) har rettsvern utan tinglysing og normalt på beste prioritet, jf. pantel. §§ 6-1 og 6-2. Dessutan er det særlege reglar om legalpant for bukostnader i pantel. § 6-4. Elles er regelen at legalpanterett i fast eigedom følgjer vanlege reglar for tinglysing og prioritet. Regelen i tomtefestelova § 14 første ledd er ikkje heilt lett å tolke. Legalpant for skip og fly, særleg sjøpanteretten, er praktisk viktige, jf. sjøl. §§ 51–64.
Tvangslova og namsstyresmaktene: Dei prosessuelle reglane om inndriving av gjeld ved utlegg og om realisasjon av panterett stifta ved utlegg eller avtale, finst i tvangslova. Det er namsstyresmaktene (tingretten og namsmannen) som står for tvangsfullføringa, jf. tvangsl. § 2-1.
Tvangsgrunnlag: Namsstyresmaktene handlar ut frå eit tvangsgrunnlag. Som typisk døme på eit allment tvangsgrunnlag kan nemnast ein dom for eit krav. Viktige døme på særlege tvangsgrunnlag er panterettar med rettsvern; den som har panterett med rettsvern, treng normalt ikkje skaffe seg dom på at han kan realisere pantet. Sjå som døme tvangsl. § 11-2 for realregistrerbare formuesgode.
Realisasjonsmåte: Den viktigaste realisasjonsmåten i dag er medhjelparsal, typisk sal av fast eigedom gjennom advokat eller eigedomsmeklar, jf. tvangsl. § 11-12. Men framleis kan salet skje gjennom namsstyresmaktene, typisk ved tvangsauksjon. Realisasjon av fast eigedom, skip og fly kan òg skje ved tvangsbruk, jf. tvangsl. kap. 11 IV.
Dekningsprinsipp og oppgjer: Som regel kan ein panthavar ikkje krevje gjennomføring av realisasjonen utan at det er dekning til alle prioriterte hefte, tvangsl. § 11-20. Pengehefte blir normalt gjorde opp ved salet; betre prioriterte hefte av andre slag må kjøparen ta over. For å finne ut om ikkje-pengehefte med prioritet ved sida av eller etter panteretten skal takast over eller falle bort, kan ein måtte innhente alternative bod, tvangsl. § 11-21.