Leseplan panterett

Fra jus/tredjemannsvern
Revisjon per 9. nov. 2009 kl. 15:53 av Kaareli@uio.no (diskusjon | bidrag) (Ny side: Føremålet med denne leseplanen er at studentane skal kunne bruke han til å førebu undervisningstimane. Førelesingane byggjer på ein disposisjon som skil seg litt frå disposisjonen i…)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Føremålet med denne leseplanen er at studentane skal kunne bruke han til å førebu undervisningstimane.

Førelesingane byggjer på ein disposisjon som skil seg litt frå disposisjonen i læreboka. Inndeling på første nivå er avtalepant, utleggspant og legalpant. Inndelinga på neste nivå blir gjord etter pantobjekt. Det inneber til dømes at vi ser samla på stifting, innhald og rettsvern for avtalepant i fast eigedom. Realisasjon av panterett blir omtala samla til slutt.