Slottet ved Skardfoss

Fra mn.geo.hydro
Hopp til: navigasjon, søk

Kart:

Foto: Nils Roar Sælthun

Vemork kraftstasjon, som var verdens største når den vart opna i 1911, har inntak i reguleringsmagasinet Skardfoss i Måna. Kraftverka frå denne tida er arkitektoniske perler - det gjeld kraftstasjonbygningane, men også andre konstruksjonar, som i dette tilfellet lukehuset for inntaket. I samband med bygging av nytt kraftverk på Vemork (1971) vart det også bygd ny dam i Skardfoss, men det gamle lukehuset vart teke vare på. Det er ikkje i funksjon lenger, men står som eit lite eventyrslott på Skardfoss, godt synleg for utsiktspunket nedanfor parkeringsplassen med informasjonstavler ved Skardfoss. Arkitekt var Olaf Nordhagen, 24 år då han fekk oppdraget av Sam Eyde.

Nils Roar Sælthun