Forskjell mellom versjoner av «Avtalepant i verdipapir, enkle krav m.m.»
Linje 8: | Linje 8: | ||
|- | |- | ||
| [[Salspant|Til Dag 4]] | | [[Salspant|Til Dag 4]] | ||
+ | |- | ||
+ | | [https://diskusjonsforum.uio.no/forum.jspa?forumID=13 Spørsmål og merknader] | ||
|} | |} | ||
Revisjonen fra 27. nov. 2009 kl. 08:20
Mål:
Til oversyn leseplan |
Leseeksempel |
Til Dag 4 |
Spørsmål og merknader |
Denne dagen skal vi sjå på reglane om pant i verdipapir, enkle pengekrav m.m. Etterpå skal du kunne gjera greie for:
- Dei viktigaste kjennemerka på 1) registrerte finansielle instrument, 2) livsforsikringar, 3) verdipapir, 4) innløysingspapir 5) burettslagsandelar, 6) heimelsdokument til bustad, 7) aksjar, både registrerte og uregistrerte, 8) enkle pengekrav
- Reglane om rettsvern for pant i dei nemnde formuesgoda
- Kva krav som kan pantsetjast samla gjennom faktoringpant
- Hovudinnhaldet i tradisjonell (eller "eigentleg") faktoring
- Forholdet mellom pantsetjar og panthavar og forholdet til debitor cessus pant i krav
- Kva vi meiner med avtala motrekning
Pant i registrerte finansielle instrument (tidlegare "fondsaktiva") får rettsvern ved registrering i verdipapirregister, jf. pantel. § 4-1 og verdipapiregisterlova kap. 7. Merk at viktige registrerte finansielle instrument er aksjar i allmennaksjeselskap og aksjar i aksjeselskap som har valt å registrere aksjane, sjå asl. § 4-4.
Finansiell trygdgjeving ("finansiell sikkerhetsstillelse"): Som følgje av eit EU-direktiv er det innført særlege reglar om trygd i verdipapir, bankinnskot o.l. (lov om finansiell sikkerhetsstillelse)
Pant i livsforsikringar får rettsvern ved registrering i det livsforsikringsregisteret som kvart livsforsikringsselskap skal føre, jf. pantel. § 4-1, forsikringsavtalelova kap. 17 og § 15-8.
Pant i verdipapir får rettsvern etter handpantregelen, jf. pantel. § 4-1. Skal eit dokument vera eit verdipapir, må papiret gje eksklusiv kvitteringslegitimasjon, og dessutan overføringslegitimasjon.
Pant i innløysingspapir får vern ved handpantsetjing av dokumentet og melding til skyldnaren etter dokumentet, jf. pantel. § 4-2. Innst. O. nr. 19 (1979–80) s. 21: "Med et innløsningspapir menes et dokument som må presenteres for at skyldneren skal være forpliktet til å betale."
Pant i uregistrerte aksjar får vern ved melding til aksjeselskapet, jf. pantel. § 4-2 a og asl. § 4-8.
Pant i medlemskap i samvirkeføretak får vern ved melding til føretaket, men i nokre tilfdelle ved tinglysing i grunnboka, jf. pantel. § 4-2 b.
Pant i burettslagsandel får vern ved tinglysing i grunnboka, jf. pantel.§ 4-3 a og burettslagslova kap. 6.
Pant i heimelsdokument til husrom får vern ved handpantsetjing av dokument og melding til utleigar eller selskap, jf. pantel. § 4-3.
Pant i enkle pengekrav får vern ved melding til skyldnaren, jf. pantel. §§ 4-4 og 4-5.
Sikringscesjon av enkle pengekrav følgjer reelt same reglar som pant, jf. pantel. § 4-9.
Faktoring er samla pantsetjing (eller avhending eller sikringscesjon) av alle enkle pengekrav på vederlag for varer eller tenester i ei verksemd (eventuelt avgrensa til ei avdeling), jf. pantel. § 4-10. Pantsetjinga får rettsvern ved tinglysing i Lausøyreregisteret.
Til Dag 6 |